onsdag 5. juni 2019
KYLLINGSUPPE
800 g grilla kylling (alt. økologisk landkyllingbryst, krydre og steike)
2 ltr hønsekraft
3 dl kremfløyte
5 g frisk ingefær, finhakka (her kan du lære å dyrke ditt eige evige forråd av ingefær, gurkemeie og galangal)
3 finhakka kvitløksbåtar
1 finhakka raud chili
3 gulrøter, raspa
1 eple, raspa
2 løk, finhakka
5 ss meierismør
1 ts salt
1/2 ts kvit pepar
1 ss curry
frisk koriander
Fres ingefær, kvitløk og chili i smelta smør i romsleg gryte.
Tilsett revne gulrøter, eple og løk.
Dryss over curry.
Tilsett hønsekraft el buljong.
Kok i 10 min.
Tilsett kyllingkjøt og fløyte.
Smak til med salt&pepar.
Dryss over koriander.
Servèr med naanbrød el.l.
Like god til kvardags som til fest :-D
--------------Litt rusten og heseblesande oppskrift, etter nokre år pause har eg visst ikkje heilt tek'en på formatering og sånt lenger. Skal ta igjen dette ved anledning, få inn bilder og litt sånt. Men OPPSKRIFTA er her ihvertfall, og suppa er nydelig! Enjoy :-) <3
Abonner på:
Innlegg
(
Atom
)