tirsdag 1. november 2016

Ingefær - dyrebar medisin. Slik dyrkar du den sjølv


Ingefær


Ingefær er ein fleirårig urt.
Vi nyttar den underjordiske rotstokken - rhizomet.



Ingefær har vore dyrka i fleire årtusen og har vore nytta i asiatisk/kinesisk medisin uoverskuelig langt tilbake i tid. Og som den typiske akupunktøren eg er - eg må alltid ha ingefær i hus og kan finne ut å putte den i det meste av mat :-)

Tilliks med gurkemeie, er det mange fordelar med å inkludere ingefær i kostholdet. Den er kjend for anti-cancer effekt, kraftige antioksidanteigenskapar ved at ingefær kan inhibere danninga av inflammatoriske bindingar, i tillegg til at planten har direkte anti-inflammatorisk  virkning.

Ingefær har langt tilbake i historia blitt brukt for å lindre kvalme og gastrointestinale (mage-/tarm-) plager, eliminere tarmgass og lette spasmer. Nyare forskning viser gjennom dobbelt-blinda studier at ingefær har betre virkning enn reseptbelagde medikament mot alle symptom som relaterast til reisesjuke, så som svimmelheit, kvalme, oppkast og kaldsvette.


Antiinflammatorisk effekt - studier

Placebokontrollerte, dobbeltblind crossover-studie testa ingefær mot placebo (pasientar bytta etter 3 mnd ingefær mot placebo /vise versa). Desse studiane viser at pasientar med leddgikt, artrose, RA/revmatiske lidingar og muskel-/skjelettsmerter opplevde svært stor grad av lindring av smerter og/eller hevelse, ved inntak av ingefær.

Ved utgangen av dei første 6 mnd hadde "ingefærpasientane" betydelig mindre bevegelse og handikapp enn "placebopasientane". Smerter ved bevegelse var redusert frå score 76,14 ved baseline til 41, mens handikapp viste reduksjon frå 73,47 til 46,08. Dette stod i kontrast til pasientar som hadde bytta frå ingefær til placebo og som opplevde ein auke i smerte ved bevegelse (opp til 82,10) og handikapp (opp til 80.80) frå baseline.
I sluttfasen av studien fekk dei pasientane som ønskte det, tilbod om 6 mnd oppfølgjing med ingefær. Smerta forblei lav hos dei som allereie brukte det, mens den vart redusert igjen hos dei som hadde avslutta kontrollperioden med placebo.
Ikkje berre var deltakarane sine subjektive opplevingar av smerte redusert, men hevelse i knea (= subjektiv måling av redusert betennelse) var betydelig redusert hos dei som hadde blitt behandla med ingefær (gjennomsnittlig omkrets redusert frå 43.25 cm ved studiestart til 39,36 cm etter 12. veke) Når pasientane i "ingefær-gruppa" bytta til placebo i andre fase av studiet, auka kneet sin omkrets hos dei. Gruppa som bytta til ingefær i andre fase, opplevde reduksjon i kneet sin omkrets. I sluttfasen, då begge gruppene fekk ingefær, fortsatte reduksjon av kneet sin omkrets i begge gruppene - no frå gjennomsnitt 38,78 til 36,38 i dei to gruppene.


Ingefær sin gunstige effekt ved inflammasjon har si forklaring i fleire forskjellige mekanismer, deriblant 6-gingerol sin effekt mht å hemme produksjonen av nitrogenoksid - aktive nitrogenmolekyl som dannar dei skadeleg frie radikalene peroksynitritt.

I eit anna forsøk vart mus behandla med ingefær (10 mg pr kg kroppsvekt) før eksponering for stråling. Konklusjonen her var at ingefær hindra skade som frie radikaler gjer på lipider (t.d cellemembranar, kolesterol) og i tillegg reduserte nedbrytinga av antioksidanten glutathion.

Ingefær viser òg å undertrykke skadelege forbindelsar som angriper synoviocyttar, chondrocyttar og leukocyttar (grunnleggjande for ledd, leddbrusk og immunceller).




Ingefær har førebyggjande og behandlande effekt mot kreft, hjerte-/karsjukdommar, diabetes mellitus og mage-/tarmproblematikk

Ingefær sin anti-cancer-effekt er veldokumentert. Dette både som førebyggjande behandling samt for å hemme vekst, deling og spredning av krefttumor. Likeeins viser ingefær god effekt på mange andre systematiske sjukdommar - førebyggjande og behandlande. Les meir på PubMed her . 




Ingefær i svangerskapet

Gjennomgang av 6 randomiserte, dobbeltblinda kontrollerte studier med totalt 675 deltakarar (publ. april 2005, journal for Obstetrics and Gynecology), konkluderte med at ingefær viser betydelig reduksjon i grad av kvalme og hyppigheit av oppkast. I motsetning til legemiddel som kan gje alvorlege fødselsskader, er ingefær trygt å bruke og berre små dosar trengst for å oppnå effekt. 




Dyrk ingefær sjølv - slik gjer eg det:

Endeleg var vi komne til korleis du enkelt kan dyrke denne vidundermedisinen heime hos deg sjølv, for uendeleg tilgong og å alltid ha den for hand: 


1. Kjøp økologisk ingefærrot på butikken. Ta den ferskaste og finaste du finner, helst med små grøne "auge", som er antydningar til spiring.


2. Plassèr ingefærrota i vatn i ca 1 døgn, for å trekkje ut eventuelle vekstinhibitorar el sprøytemiddel som kan ha kome til, trass i at den skal vere økologisk. Deretter kan du enten: 

a) plassere rotstokk-biten direkte i beholdar med naturleg, næringsrik jord tilsett økologisk gjødsling, eller
b) du kan legge den i ei skål inntil du ser at den dannar røter og spirar, og deretter plassere den i beholdar med jord. 

Røter ned, "auger" opp. 

Sørg for at det er god drenering i potta/beholdaren du nyttar. Om rhizomet/rotstokken blir ståande i udrenerbart vatn vil den rotne.


3. Hold jorda fuktig inntil du ser spiring, deretter kan du la jorda tørke lett ut mellom kvar vatning. 

Og deretter kan du berre setje deg ned og sjå din eigen ingefærplante vekse! :-)


^^^^^^^^




Ingefærplanten tåler ikkje frost, så det beste er å dyrke i vid potte innandørs og evt plassere den ut i sommarhalvåret etter siste fare for frost. Planten trivst best i delvis eller full skugge. Den er enkel og sytalaus å få til - ein trenger ikkje grøne fingrar for å dyrke evig tilgong til helbredande ingefær.


Frå den har etablert seg, tek det 6-10 månader før rhizoma ("røtene") har vakse seg store nok til at du kan begynne å hauste små bitar kvar gong du ønskjer det. Grav forsiktig i jorda frå kanten av potta, skjær av det du trenger og dekk rota med jord igjen. Når ingefærplanten begynner å gi deg avling, stoppar den aldri! :-)





Grav forsiktig langs kanten av krukka, til du finner rotstokken...




....skjær av så mykje du trenger og dekk til med jord igjen....


...en liten bit dyrebar ingefærrot <3 ...
^



I dag trenger eg ein kopp ingefær-te mot ein forkjølelse som ligger og trugar bittelitt. Eg kokar eit viskelærstort stykke ingefærrot i vatn tilsvarande eit krus, i 20 minutt. Denne kan drikkast i si enkelheit, eller tilsetjast ein skvett økologisk, rå eplecidereddik ("with mother"), litt øko sitronsaft og honning. Yummi!

Gurkemeie  er ein annan unik medisin- og krydderplante som ein dyrkar på same måten for uendeleg tilgong. Les gjerne meir om eigenskapar og forskning knytta til gurkemeie her.

Om du vil ha meir info om ingefær kan du finne det t.d på Urtekilden, her



^^^^^^^^^^^^


Med ynskjer om god helse - lykke til med ingefærdyrking!

- Tanja.

^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^


Kjelder: 

PubMed

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC3665023/

1 kommentar :