fredag 25. november 2016

Pizza

Heimelaga pizza


Knallgod pizza, kjapp&enkel å lage! 

Varièr gjerne ingrediensar i sausen etter kva du har i kjøleskåpet eller vinduskarmen: urter, krydder, flesk/bacon, skinke, biff, sopp, o.l.



Økologiske ingrediensar:

Deig:

1 liter kveitemjøl
4 dl vatn
bittelitt gjær
1/2 ts (himalaya-)salt
1/2 ts (rårør-)sukker

~~~~~~


500 g (hjorte-)kjøtdeig

Pasta-/pizzasaus:

3 ss meierismør
1 stor eller 2 små løk, raud eller gul
6 fedd kvitløk
2 ss oregano
500 g hakka tomat (evt ferske tomatar)
2 ss tomatpurè
1/2 ts rårørsukker
1/2 ts himalayasalt
1/2 ts pepar

~~~~~~


1) Elt deiga godt ihop og sett til heving. Dess lenger tid i forveien du setter deiga, dess mindre gjær trenger du.
Hev under klede. Om du nyttar lang hevetid eltar du i deiga no&då.




2) Steik kjøtdeiga og bland den med pasta-/pizzasaus du evt har laga på forhånd (kan fint lagast stor porsjon og fryse ned til seinare.
Idag var den ikkje forhåndslaga so eg gjekk for den aller enklaste versjonen og tilsette ingrediensane etterkvart som eg kutta dei opp:


Steik kjøtdeig og tilsett hakka løk: raud, gul og kvit, + oregano,
salt, sukker&pepar, tomatpurè og hakka tomat.




3) Smør steikebrett (eg brukar meierismør, smører med matpapir), eller dekk med bakepapir.






4) Trykk deiga utover bakebrettet og dekk med høvla kvitost.





5) Fordel pizzasausen over deiga, og steik i 20-30 min ved 200 grader C.

Ost fordelastt over pizzabotnen + pizzasaus + litt restar av kvitost.
Steik i 20-30 min ved 200 grader C.


So enkelt, og so godt!



Ha glad 1. adventshelg :-)
-Tanja.



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar