tirsdag 29. november 2016

Shake it up! ( =oppskoke)

Oppskoke & flasking av juleøl



Omsider, 25 dagar etter bryggjing, hadde #1 av dei to første bryggja med juleøl putra seg ferdig på nissekjøkenet. Prøvesmaking kan bekrefte at detta vart aldeles vellykka og fint kan setjast til modning fram mot julehøgtida. Nissefar gryntar anerkjennande med juleølmugge framfor skjerm med Liverpool-kamp: - jammen blir d jul i år au, hauhau! :-D



~~~~~~~~




Imens stullar kjerringa på kjøkenet: 40 x 0,5 ltr flasker blir grundig reingjort i skåldande varmt vatn, deretter puttast dei i bakaromnen og får 20-30 minutt der på varmluft 150 grader C.





~~~~

Mens flaskene kosar seg i bakaromnen har nissemor målt opp 6 gram sukker pr liter øl. Dette tømer ho i kokt vatn, rører det godt ut og lar det deretter avkjøle seg. 

Ølet blir deretter tappa over i gullrein ballong for å få vekk botnfallet før flasketapping. Det avkjølte sukkervatnet blir tilsett - hensikta med dette er å få sprudlande bobler og fint skum på juleølet = naturleg karbonering.



~~~~


Etter at flaskene er varmesterilisert og avkjølt, tappar nissemor ølet på flasker, korkar det og setter det til lagring på kjøkenet i 10-14 dagar. Då skal det vere passe karbonert, og ho kan flytte det til kjølig spiskammers (4-8 grader C) for vidare lagring. 




~~~~~~


So kjekt å igjen kunne servere 
aldeles heimelaga øl til julematen!




~~~~~~

1 kommentar :