Kort skuledag for førsteklassingen min betyr god tid til heimesyslar. Idag var planen enkel: vi lagar sveler!
Sveler - oppskrift
Økologiske ingrediensar:
5 egg
2,5 dl rårørsukker
1 toppa teskei natron
1 toppa teskei hornsalt
1 liter kveitemjøl
1 liter surmjølk/kefir (vi brukar Tine sin, syrna med melkekefirkorn)
75 g meierismør
Pisk eggedosis av egg og sukker.
Rør inn dei øvrige ingrediensane, ha i smelta smør til slutt.
La røra svelle ei lita stund (gjerne 1 time).
Steik på takke (trinn 6-7) eller tørr steikepanne medium varme.
1) Pisk eggedosis |
2) Ha i kefir... |
3)...og mjøl iblanda hornsalt og natron. |
4) Ha i smelta meierismør til slutt |
5) Etter at røra har fått kvile ei lita stund er det endelig tid for å steike sveler :) |
6) Steik på takke (trinn 6-7) eller steikepanne |
7) Servèr med meierismør, rårørsukker, brunost, seterrømme og/eller syltetøy - eller som minstemann: et dei som dei er :-D ^^^^^^^^^^^^^^ |
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar