onsdag 30. november 2016

Klubb (raspeball, komle)


Klubb




Onsdag er seinjobbedag på klinikken. Det betyr eeeenten at eg kjem trøtt og svolten heim frå jobb og må begynne på middagen når eg helst vil slenge meg på sofaen et øyeblikk. Eller so betyr det at eg lagar middag før eg reiser på jobb, slik at den står klar til store og små etterkvart som vi kjem i hus utover dagen etter skule og jobb. 

I går var det sild og poteter og ein diger porsjon kålrabistappe til middag. Sistnemnde var berekna å skulle rekke i eitpar dagar. Den inspirerte meg til å dra igong kjøttkverna og kverne 20 poteter, plusse på med litt byggmjøl og salt, og koke ei stor gryte klubb til middag. Ved oppstandelsen idag tidlig tok eg ut av frysaren avgnagde, frosne spekeknokar frå fjorårets spekelår av hjort/sau. Dette putta eg i gryte med vatn, kokte opp og let det småkoke på svak varme i 3 timar (helst lengre ved kraftkoking, men dette var alt av tid eg hadde til rådigheit). Ein time før eg må reise på jobb har eg klubbane i krafta, kokar dei ca 45 min og slår av plata før eg reiser heimanifrå. Klubbegryta held seg varm lenge, og svoltne ungar kan forsyne seg sjølve når dei kjem heim.



Oppskrift:

20 poteter
1-2 ts (himalaya-)salt
Byggmjøl inntil passelig konsistens til å forme klubbar



Dette er nok til ei STOR klubbegryte - her har vi middag/kveldsmat i 2-3 dagar. 
Omberegn oppskrifta alt etter kor mange du skal servere og kor mange dagar du trur du har lyst å ete klubb. (20 poteter blir minst like mange klubbar) :-)




Kok kraft av spekeknokar/margbein.
Dess lenger koketid, dess betre.




Rasp poteter. Alternativt bruk
kjøkenmaskin,  kjøtkvern el.l.





Tilsett salt, og byggmjøl inntil såpass fast
konsistens at du kan forme klubbar som ikkje
vil sige utover i gryta.




Ta kjøtknokane ut av gryta, form klubbar (putt evt flesk,
bacon eller andre gode ting inn i klubben om du vil)......





...og kok i 30-45 min til klubbane er gjennomkokt
- koketid varierer med størrelse.



Typisk nok så hadde eg no overberekna potetmengda igjen, så eg får ikkje umiddelbart plass til å leggje kjøtbeina på toppen av gryta for å koke vidare slik eg normalt sett ville gjort. Gjer det, om du får plass i gryta :-)



Serverast som seg hør og bør med kålrabistappe, steikt flesk/bacon, rømme, kokt morr eller pølser, salt kjøt, o.l.

Og gjerne eit krus kefir eller heimelaga øl attpåtil - bon apetìt! :-D






Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar