Såpe
I staden for å gå på butikken og kjøpe dyr såpe med ingrediensar som er potensielt allergiframkallande og helseskadelige, kan du med visse forhåndsreglar enkelt lage såpe sjølv.
I fjor haust hadde eg såpedilla. Det vart mange rundar med kokkelering, og i tillegg til å gje vekk og selgje nokre så vart det så mykje at vi framleis kan åpne såpeskuffa og plukke ut eiga heimelaga favorittsåpe når det forrige stykke held på å forsvinne til ingenting.
~~~~~~~~~
Forhåndsreglar:
- Først av alt: såpelaging med lut er ikkje ufarleg arbeid, og det er ikkje noko ein driv med når der er born eller dyr i nærleiken.
- Bruk verneutstyr og ha god utlufting: hanskar og vernebriller, ventilator - evt jobb utandørs. Aldri pust inn gassdamp frå lut, ei heller utset auger eller hud for dampen.
- Ha alltid eddik ståande klart til å umiddelbart tørke vekk eventuelt søl, eller til nødhjelp om det mot formodning skulle trengjast. Lut har ein 'glatt' kvalitet og er dermed vanskelig å skylle vekk. Den har den eigenskapen at den løyser opp proteinar (byggjesteinane vi stort sett består av) på ein kjedereaksjonær måte. Dette innebærer at om ein får lut i auger eller på hud så vil luten kunne fortsetje sin øydeleggjande veg innover i vev sjølv om ein er kjapt ute med å skylle med vatn.
Eddik verkar nøytralisande på lut og kan bremse opp etseskader.
Om du får lut på møblar/kjøkenbenk kan det òg lage etseskader, så dekk til arbeidsområdet med avispapir.
- Ver svært nøyaktig med oppmåling av ingrediensar, bruk digital vekt.
- Bruk aldri utstyr av aluminium (men det brukar vi jo ikkje på kjøkenet uansett). Bruk fortrinnsvis utstyr av rustfritt stål, glas og silikon. Om du brukar trereiskap vil dette trekkje til seg lut og kan ikkje nyttast til mat seinare.
- Etter du er ferdig med såpekokkelering: bruk klut med eddik til å tørke over alle overflater der du har arbeidd, for å nøytralisere eventuelt 'usynleg' søl.
~~~~~~
Soleis, då var eg ferdig med avskreminga so då går vi vidare.
~~~~~~
Der finst mange såpeoppskrifter med forskjellige typar olje. Val av olje vil påverke tida det tek for såpemassa å tjukne, såvel som kvaliteten på såpa. Eg har valt ei oppskrift som er enklast mogleg. Om du derimot vil variere oljetypar må du bruke ein såpekalkulator for å berekne mål og mengde.
Oppskrift:
500 g kokosfeitt (evt delfiafeitt)
150 g kaldt vatn
73 g NaOH (kaustisk soda)
+ eventuelle tilsetjingar som t.d:
+ eventuelle tilsetjingar som t.d:
- 5–10 ml oljeessens for lukt/funksjon
- kaffigrut for skrubbeeffekt
- kokos for mildare skrubbeeffekt (1-2 ts pr 100 g for hender. 3-4 ss pr 100 g for kroppsskrubb)
- kanel (1/2-1 ts pr 100 g såpemasse)
- andre: tørka blomster, havregryn
- kaffigrut for skrubbeeffekt
- kokos for mildare skrubbeeffekt (1-2 ts pr 100 g for hender. 3-4 ss pr 100 g for kroppsskrubb)
- kanel (1/2-1 ts pr 100 g såpemasse)
- andre: tørka blomster, havregryn
~~~~~~~~~~
1) Mål opp nøyaktig mengde feitt og sett det til smelting i kjele av rustfritt stål.
2) Mål opp nøyaktig mengde kaustisk soda i ein kopp.
3) Mål opp like nøyaktig mengde vatn. Eg pleier å bruke eit litermål i stål til dette - sytalaust når ein kjem til neste steg:
4) Tøm kaustisk soda forsiktig opp i vatnet, litt etter litt medan du rører med ei skei (aldri vatn over i kaustisk soda - det vil forårsake ein etsande vulkan). Og pass på nasa og augene - dei skal på dette tidspunkt ikkje befinne seg rett over beholdaren med lut, som du har laga no.
Reaksjonen mellom NaOH og vatn er eksotermisk = det utviklast
varme opp imot 80 grader C. Så ikkje brenn fingra på stålbeholdaren.
Sett til avkjøling.
5) Lut & olje kan blandast når dei held same temperatur ( eg vil ha det meste sytalaust og enkelt, så eg pleier å blande v romtemperatur. Bruk elles termometer for å finne lik temp, opptil 60 grader).
Hell luten over i oljegryta og bland. Køyr gjennom såpemassa med stavmiksar inntil den har vaffelrørekonsistens. Om du ønskjer tilsetjingar som oljeessens, kaffigrut el.l, blandar du i dette no.
6) Du har no rå såpe. Tøm over i former, bruk gjerne slikkepott av silikon for å skrape ut såpemassa. Til såpeformer pleier eg å bruke tome melkekartongar som eg teipar igjen toppen på og klipper opa ei langside for å helle massa i.
Sett til avkjøling i romtemp., utilgjengjeleg for born.
7) Etter ca 24 timar er massa blitt fast og såpeblokkene kan skjerast opp til passelige såpestykker. Du har framleis rå såpe som inneheld lut og vil irritere huda ved kontakt, så dra hanskar på hendene igjen før du skjærer opp.
Legg såpestykka dine til tørk på avispapir el.lign. i minimum 4 (helst 6) veker, snu på dei tidvis så dei tørkar jamnt frå begge sider. Etter 4-6 veker har såpa modna ferdig, er blitt mild og god og klar til bruk. Fin til både hender, kropp og hår :-)

Lykke til!
Den er super :)
SvarSlettSo kjekt 😊ei såpe ekstra til deg neste runde!
Slett