mandag 14. november 2016

Julepølser - himlandes gode! (glutenfri)


Julepølse





I går lagde vi himlandes gode julepølser! :-)

Her er oppskrifta:



3,3 kg kjøt av svin/storfe (eg brukar hjort + svin m/spekk, ca 50/50)

1 boks kremfløyte (3 dl)

1,5- 2,5 liter heilmelk 

1,75 ss malt, kvit pepar

5 ss salt
1,75 ss kardemomme
1,75 ss muskatblomme

Svinetarm




^^^^^^

Mht krydder: bruk forskjellige etter smak og behag. Denne gongen velgde vi muskat og kardemomme, det gir pølsene julesmak! :-D

Og mht kjøt: eg brukte kjøt av hjort og frilandsgris. Viltkjøtet er tørt og må blandast med ein del feitt for at ikkje pølsene skal bli tørre. Varièr gjerne med anna storfekjøt/blandingsforhold, og finn din eigen pølsefavorittversjon :-)


~~~~

Start med å legge svinetarm i kaldt vatn (evt tilsett litt eddik), i nokre timar. Skyll godt gjennom før du fyller med pølsemasse.

^^^^^



Alt etter kor grove ein ønskjer pølsene: eg kvernar svinekjøttet m/spekk 1 gong og hjortekjøt 2 gongar før jeg kvernar svin- +hjortekjøt ihop. Deretter tilset eg krydder og salt og eltar iveg, ca 15 min med muskelkraft (men bruk gjerne kjøkenmaskina, det går kjappare) inntil kjøttmassa virkar seig; dette viser at kjøtet har bunde salt, slik at ikkje pølsene slepper væske når dei tilberedast.



-------------------------------------
Deretter plasserar eg deiga i kjøleskåp i eit døgn (nokon velgjer å elte opp igjen deiga etter eit døgn for deretter å la den kvile ytterlegare eit døgn før vidare tilbereding).
--------------------------------------



Spe med melk og kremfløyte inntil passe farse-konsistens (eg brukte ca 1,5 ltr melk denne gongen). 

Fyll pølsemassa i svinetarm, og form ringar ved å knyte ihop endane.




Pakk inn og putt i frysaren og gled deg til julematen! :-D

--------------

Ved tilbereding lar du pølsene trekkje i 20 min ved ca 80 grader C (må ikkje koke!).



Vi måtte prøvesmake etter endt dyst:
pølsene trekkjast i 20 minutt ved ca 80 grader C.



God konsistens, balansert krydder-salt-julesmak.
- nydelig! :-D




I tillegg til å serverast til julematen; pølsene er kjempegode med poteter, kålrotstappe, smelta smør og heimelaga flatbrød.


Lykke til!
-Tanja

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar