søndag 13. november 2016

Juleøl

Juleøl

Ølbryggjing - gammal tradisjon på moderne vis




Jula nærmar seg og om ølet skal bli klart til julekvelden så er det på tide å setje det no. Slik har eg gjort det:



Juleøl

6 kg Pale Ale malt
1 kg cara münchener
230 g cara aroma

----------------------------
65 grader C, 60 min
----------------------------


Koking med humle:
27 g Perle, 60 min
33 g Golding, 15 min

----------------------------
Sluttvolum 22 ltr

Tidsbruk: +/- 7 timar





Som alternativ til den gode gamle grua, koparkjelar og tretønner så nyttar eg bryggjekjelar med termostatstyrt varmeelement (du finner det f.eks på Netthandelen ). 


^^^^^^^^^^^^^^^^


Sprøytemiddelfritt malt, humle og gjær har eg kjøpt av Andreas og Øyvind på økobryggeriet Grim&Gryt.







1) første steg er å varme opp vatn til meisketemperatur - 18 liter vatn, 65 grader C. 









2) mens vatnet varmast opp måler eg opp vekta på dei forskjellige malttypane som skal i, og fyller dette i den innvendige meiskekjelen med silfunksjon. 







3) når vatnet har nådd 65 grader C  plasserer eg silekaret i bryggjekjelen. Etterkvart som vørteret renner igjennom, tappar eg av og tømer det opp i meiskja igjen slik at silkaret heile tida står fullt av væske. Etter 1 time på dette viset plasserer eg silkaret over bryggjekjelen for skylling med reint vatn inntil eg har totalt 22 ltr ferdig vørter klart for humling.
Det utmeiska maltet tømer eg over i stamp - noko blir til flatbrød og anna bakst, noko blir tørka, ein del går til fuglane, og resten i kaldkomposten. 






4) Tid for humling. Bryggjekjelen stillast inn på koketemperatur (100 grader C). Aromahumle (Perle) hamnar først i silekaret - 60 minutt koketid. 
Etter 45 min har eg i bitterhumle (Golding), som får koke med dei siste 15 min.
Når timen er til endes løftar eg silekjelen med humle ut, og brygget er klart til avkjøling. Hurtigkjølaren som følger med bryggesettet er idèell å bruke der.






5) Ved ca 17 grader C tappar eg ølet over i gjæringskar, tilsetjer gjær og koblar på mine eminente gjærlåsar :-D 
Deretter er det ventetid - ølet får putre og gå inntil det seier seg ferdig. 





6) Når gjæringsprosessen er avslutta (= gjærlåsputring har stilna), tappar eg over på reint bryggjekar og tilsetjer 6-7 gram rårørsukker pr liter øl - dette for å gi bittelitt meir næring til gjæra slik at eg får kolsyre i det etter eg har tappa på flasker (= naturleg karbonering). Deretter tappar eg på flasker, korkar og setjer flaskene til modning i romtemperatur.

Etter eit par veker skal ølet vere begynt å få ok kolsyreinnhald og kan flyttast til kjølig plass for vidare lagring inntil det er tomt :-)



Lykke til!





Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar