tirsdag 29. november 2016

Kålrotstuing/kålrabistappe

Kålrabistappe



Dagens middag var spekesild, poteter & kålrotstappe. I anledning snart jul, får dokke herved mi oppskrift på denne heilt uunnværlige sistnemnde, som er vel heilt sjølvsagt til stades når det gjeld sjølvaste julemiddagsbordet.

Mange brukar jamning med kveitemjøl i kålrotstappa, eg veljer å bruke kokt potet i staden. Potet inneheld nok stivelse til å binde stuingen utan å 'forstyrre' smaken eller gjere at stappa må koke lenger enn nødvendig, slik den må for å få vekk mjølsmaken når ein brukar mjøljamning. Stivelse eller jamning er forøvrig strengt tatt ikkje nødvendig, det har med konsistens å gjere så det er opp til kvar enkelt. Såleis lyder dermed oppskrifta ihht dagens store porsjon:


3 stk middels store kålrot
200 g meierismør
2 kokte poteter
1-2 dl heilmjølk
1 ts salt
1 ts pepar


1) Skrell kålrot, del i skiver/bitar og kok med lettsalta vatn inntil såvidt gjennomkokt (ikkje kok den blaut -> vassen), ca 20-30 min alt etter kor store kålrotbitar du har.


2) Tøm av kokevatnet.


3) Ha smør, kokte poteter og heilmjølk i gryta saman med kålrotbitane, og bruk 'potetstapparen' til å stappe og blande alt godt ihop over svak varme. Smak til med salt&pepar.


4) Klar til servering!






Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar