KIBERA - NAIROBI, KENYA
Menneske som lever i verdas største slumområder er dei som taper aller mest på t.d privatisering av vannrettar samt myndigheiter som prioriterar investering i eigedom og telekommunikasjon for kortsiktig økonomisk vekst og internasjonal konkurransedyktigheit. Prestisjefylde FN-støtta prosjekt har ikkje inkludert dei fattigaste av dei fattige, og vannprivatisering har ført til at myndigheitene i Kenya ikkje har tilgodesett dei fattigaste med tilgong til vatn trass i omfattande støtte frå internasjonal bistand.
Min økologiske/non-gmo/sjølvbergings-iver kom eg litt tilfeldig i kontakt med ei kenyansk kvinne som ved sidan av jobben sin arbeider i/med eit prosjekt i Kibera-slummen i Kenya. Prosjektet fokuserer på å betre forholda for dei fattige i eit av dei største og verste slumoråda i verda. Omkring 1 million menneske bur i Kibera (eksakt tal uvisst, men mellom 800.000 og 1.2 millionar), utan sanitæranlegg eller tilgong til /råd til å kjøpe reint vatn. Dei har ingen eigedomsrett til dei 10-12 m2 dei bur på, ofte mange menneske under same tak på desse få m2. Dei har difor ingen rettigheiter når dei utan/på kort varsel blir tvangsutkasta og myndigheitene sine bulldosarar kjem for å rydde plass til kommersiell verksemd.
Borna i Kibera leikar i og ved stinkande, sjukdomsframkallande vatn. Ikkje sjeldan må det forureina vatnet brukast til matlaging fordi det er mangel på pengar til å kjøpe reint vatn. Ca 20 % av borna dør før dei når 5 års alder, av sjukdom forårsaka av m.a mangelfull tilgong på mat og reint vatn. Kjønnslemlesting av jenter førekjem i Kiberaslummen som elles i Kenya. Sysselsetjing av kvinner/betring av dei økonomiske vilkåra deira kan bidra til å gje borna i Kibera betre oppvekstvilkår. I endelaus fattigdom har desse elles eit utgongspunkt som ofte driver dei ut i kriminalitet og rusmisbruk frå svært ung alder.
Prosjektet til kvinnene i Kibera består i innsamling og sal av frø, samt å lage dyrefigurar for hand, av ståltråd og perler. Ved å handle det dei produserer/ forskjellige typar (kvalitetskontrollerte/sertifiserte) frø (spinat, kål, amaranthus, artemisia) via henne, veit eg at pengane hamnar direkte dit dei trengst i staden for å risikere at dei hamnar i hendene på korrupte politikarar.
Ho vil prøve å få til ei fb-side for prosjektet, og mitt ønskje er at fleire vil bidra med støtte til dei som lever i Kibera-slummen, ved å handle via dette prosjektet. Inntil fb-sida er oppe og går kan eg formidle kontaktinfo (send pm) om det er nokon som ønskjer å bestille frå henne allereie no.
Kibera treng òg hjelp på andre måtar. Om du ønskjer å arbeide som frivilleg, kan t.d denne sida gje litt informasjon om det.