torsdag 31. mars 2016

Hjelp til sjølvhjelp til Kibera-slummen - Nairobi, Kenya

KIBERA - NAIROBI, KENYA
 
 
Menneske som lever i verdas største slumområder er dei som taper aller mest på t.d privatisering av vannrettar samt myndigheiter som prioriterar investering i eigedom og telekommunikasjon for kortsiktig økonomisk vekst og internasjonal konkurransedyktigheit. Prestisjefylde FN-støtta prosjekt har ikkje inkludert dei fattigaste av dei fattige, og vannprivatisering har ført til at myndigheitene i Kenya ikkje har tilgodesett dei fattigaste med tilgong til vatn trass i omfattande støtte frå internasjonal bistand.
Min økologiske/non-gmo/sjølvbergings-iver kom eg litt tilfeldig i kontakt med ei kenyansk kvinne som ved sidan av jobben sin arbeider i/med eit prosjekt i Kibera-slummen i Kenya. Prosjektet fokuserer på å betre forholda for dei fattige i eit av dei største og verste slumoråda i verda. Omkring 1 million menneske bur i Kibera (eksakt tal uvisst, men mellom 800.000 og 1.2 millionar), utan sanitæranlegg eller tilgong til /råd til å kjøpe reint vatn. Dei har ingen eigedomsrett til dei 10-12 m2 dei bur på, ofte mange menneske under same tak på desse få m2. Dei har difor ingen rettigheiter når dei utan/på kort varsel blir tvangsutkasta og myndigheitene sine bulldosarar kjem for å rydde plass til kommersiell verksemd.
 
 
 
Borna i Kibera leikar i og ved stinkande, sjukdomsframkallande vatn. Ikkje sjeldan må det forureina vatnet brukast til matlaging fordi det er mangel på pengar til å kjøpe reint vatn. Ca 20 % av borna dør før dei når 5 års alder, av sjukdom forårsaka av m.a mangelfull tilgong på mat og reint vatn. Kjønnslemlesting av jenter førekjem i Kiberaslummen som elles i Kenya.  Sysselsetjing av kvinner/betring av dei økonomiske vilkåra deira kan bidra til å gje borna i Kibera betre oppvekstvilkår. I endelaus fattigdom har desse elles eit utgongspunkt som ofte driver dei ut i kriminalitet og rusmisbruk frå svært ung alder.
 
 
 
Prosjektet til kvinnene i Kibera består i innsamling og sal av frø, samt å lage dyrefigurar for hand, av ståltråd og perler. Ved å handle det dei produserer/ forskjellige typar (kvalitetskontrollerte/sertifiserte) frø (spinat, kål, amaranthus, artemisia) via henne, veit eg at pengane hamnar direkte dit dei trengst i staden for å risikere at dei hamnar i hendene på korrupte politikarar.
Ho vil prøve å få til ei fb-side for prosjektet, og mitt ønskje er at fleire vil bidra med støtte til dei som lever i Kibera-slummen, ved å handle via dette prosjektet. Inntil fb-sida er oppe og går kan eg formidle kontaktinfo (send pm) om det er nokon som ønskjer å bestille frå henne allereie no.
 
Kibera treng òg hjelp på andre måtar. Om du ønskjer å arbeide som frivilleg, kan t.d denne sida gje litt informasjon om det.
 
 
 
 

2 kommentarer :

  1. Høyres ut som en god ide` :)

    SvarSlett
  2. Ja ikkje sant. Ingen kan hjelpe alle men alle kan hjelpe nokre få. Tilsammen kan det bli veldig mykje. Så det er veldig kjekt om fleire vil vere med og gi hjelp til sjølhjelp; "hjelpe dei der dei er" - slumfattigdommen gjev lite håp om ingen rekkjer ut ei hand.

    SvarSlett