Framgongsmåten er den same, der er berre litt ekstra ingrediensar ifht gårsdagens kokkelering.
Torskekaker
(i parentes: mi porsjons-ingrediensberekning ifht dagens innkjøpte torskemengde)
*600 g torskefilet u/skinn&bein (1530 g)
*1,5 ts himalayasalt (4 ts)
*2 egg (3 stk)
*2 dl kremfløyte (5 dl)
*2 ss kveitemjøl (det droppa eg - der
er stivelse nok i poteter og egg)
*1 potet (3 stk)
*1 gulrot (3 stk)
*frisk, finhakka dill
*nykverna svart pepar
*eit dryss muskat
Kjøleskåpkalde ingrediensar.
Køyr skinn- og beinfri torsk + salt godt ihop i foodprosessoren. Hiv massa over i større eltebolle, tilsett gradvis egg + fløyte ( i tilfelle du vil bruke kveitemjøl tilsetter du det vekselvis med væska) og kvern godt til du har ei jamn farse. Ha i finreven potet og gulrot + pepar, dill og muskat.
Steikast i meierismør til dei er gjennomsteikt, ca 3 min på kvar side.
Dagens fiskekakeversjon vart servert med poteter, raspa gulrot, steikt raudlauk og smelta smør --- yummmi
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar