Endeleg!
Etter 1 1/2 mnd tørketid er såpa klar til innpakking
Såpa er 100% heimelaga - av kokosolje, lut og tilsetjing av økologiske ingrediensar alt etter ønskje. Såpa eg pakka i dag er lett eksfolierande ("skrubb"), skummar rikt og mjukt og har ei varm lukt av ekte Ceylon kanel, kaffi, lavendel, mandarin og sitronskal - alt økologisk.
Eg vaks opp med såpestykket - der var ca 4 typar og dett var dett - trengde ein meir nei? -reine vart hendene og kroppen og det var målet. Sunlight-såpestykket blir forresten kalt "verdas eldste merkevare" og mange svergar framleis til denne både til oppvask, klesvask og reingjering og finst i butikkhyllene den dag i dag.
Etterkvart, ein gong rundt '80-talet?, kom ei nyskaping - aller først i heimane til dei som hadde litt ekstra å rutte med: flytande såpe på pumpeflaske! Bakgrunnen for slik flytande såpe i følgje produsentane, var at det var uhygienisk at alle brukte det same såpestykket til å vaske meir eller mindre ureine hender og kropp. Eit byrjande bakteppe for bakteriofobi var dermed lagt.
Såpestykka forsvant ned i ei lita krå i butikkhyllene samtidig som pumpeflaskesåpene kom for fullt i handelen: hyllemetervis med såper som er tilsette kjemisk lukt som etterliknar alt frå fri natur til godteri. Nokon er uttynna, andre konsentrerte. Mange spelar på den etterkvart fastgrodde bakteriofobien og lovar å vere bakteriedrepande (NB! slike hand-/oppvasksåper bør ein ikkje bruke!). Felles for alle er først og fremst tre ting: dei er mykje dyrare i bruk enn det gode gamle såpestykket, dei forureinar meir pga overforbruk/-dosering og emballasje, og dei fleste inneheld potensielt skadelege kjemikaliar som er tilsette for haldbarheit, farge, lukt og funksjon. Som i hudkrem og anna kosmetikk kan det vi vaskar kropp, hår og hender med, takast opp i huda og kroppen og forårsake helseplager, umiddelbart og/eller på sikt.
Prosessen som skjer når feitt av ulike typar reagerer med lut, kallar ein forsåpning. Feittet blir då omdanna til glyserol og feittsyresalt. Lut kan ein lage ved å blande oske og vatn. I gammal tid då dei brende offerdyr til gudane på bål og sløkte bålet med vatn, vart såpe dermed så og seie eit biprodukt av tilbedinga.
Vel --- det var ein liten digresjon. Over til såpa si funksjon:
Såpe fungerer som ein emulgator, slik at feitt og "skit" som ikkje er vassløyselege binder seg til mikroskopiske dråpar i emulsjonsvæske = den eine væska blir fordelt som mikroskopiske dråpar i den andre. Når ein såpar seg inn, blir feittet og skiten ein del av denne emulsjonen, og let seg lett skylle vekk med vatn.
Samtidig som pumpeflaskesåpeprodusentane tener store pengar, viser nyare forskning at det gamle gode såpestykket muligens ikkje er så uhygienisk likevel: emulsjon er emulsjon og bakteriane forsvinner med vaskevatnet. Eit lite forsøk vart gjort ved å infisere såpestykke med m.a kolibakteriar:
“… soap bars were inoculated with E. coli and P. aeruginosa bacteria at levels 70 times as high as those reported on used soap bars. Then, 16 people were told to wash their hands as usual with the inoculated bars.
“After washing, none of the 16 panelists had detectable levels of either test bacterium on their hands,” the researchers wrote. “These findings, along with other published reports, show that little hazard exists in routine handwashing with previously used soap bars and support the frequent use of soap and water for handwashing.”
Les gjerne meir her
Så - eg meinar vi trygt kan slå eit slag for det gamle, tradisjonsrike såpestykket og hente fram att kunsten å lage vår eiga såpe. Heimelaga såpe gir ein godfølelse - den er rein og ærleg, tilfører ikkje kroppen noko skadeleg. Og ikkje minst så er den over tid mykje billigare enn å nytte flytande såpe med alskens tilsetjingar.
Såpeproduksjon og forhåndsreglar
Der finst mange såpeoppskrifter å velge mellom, både i bøker og på nett. Før du startar såpeproduksjon frå botnen av, er der nokon forhåndsreglar du må ta.
Det virka skummelt å lage lut for såpeproduksjon, difor vart det berre med tanken i lange tider for min del. Men tek ein sine forhåndsreglar, så er prosessen grei. Når eg slurva med verneutstyret angra eg kjapt, for å seie det slik.
Først av alt: dette er "aleinetids-arbeid"; jobb aldri med lut når barn eller dyr er til stades. Pust aldri inn dampen frå lutvæska, og få den aldri på huda - lut er sterkt etsande og kan gjere stor skade. Bruk vernebriller, hanskar og maske, og bland luten under ventilator eller utandørs for å ha god lufttilgong. Ha alltid eddik for hand under arbeidet dersom uhell skulle oppstå - eddiken nøytraliserer og kan stoppe omfattande skader som luten elles kan gjere. Bruk òg eddik til å tørke over område der du har arbeidd med lut/rå såpe, for å unngå skader på møblar og utstyr. Bruk nøyaktige mål (digital kjøkenvekt), og reiskap av stål og silikon. Og etter produksjon: motstå freistinga til å prøve såpa før den er heilt ferdig - etter ca 6 veker. Tørketida er lang så det blir god tid til tommeltott-tvinning, men belønninga er at såpa blir mild og fin og gir eit rikt skum. Bevæpna med desse enkle reglane er du klar til å lage di eiga såpe - LYKKE TIL! :-)
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar