Minstemann i huset er 5, og noko av det som står høgast på ynskjelista til middag er heimelaga fiskekaker. Å hive i hop farse til fiskekaker er gjort på null komma fem - så enkelt & sunt, og så god og billig mat! Kjempekjekt å lage litt større porsjon så ein som bonus etter middagen kan putte resten av fiskekakene i frysaren og ha kjapp middag/kveldsmat lett tilgjengjeleg, berre til å varme opp.
Fiskekaker
Ca 20 stk
1200 g hysefilet ( alternativt sei, torsk eller lyr)
4 ts (Himalaya-)salt
2 dl heilmjølk
2 dl kremfløyte
1 løk (alternativt 6 ss grasløk)
1 egg (om ein ynskjer litt mindre "fluffy" fiskekaker, bruk 1 ss mjøl i staden)
1 1/2 ts pepar
Evt riven muskat
Meierismør til steiking
La alle ingrediensar vere kjøleskåpkalde.
Køyr fiskefilet + salt godt ihop i foodprosessoren.
Spe gradvis i mjølk + fløyte, til ei jamn farse.
Ha tilslutt i finhakka løk/grasløk, egg og nykverna pepar.
Form fiskekaker med spiseskei (manglar vi godt nynorsk ord for dèt ..?) og steik dei i smør på middels varme til dei er gjennomsteikte, ca 2-3 min på kvar side.
Serveringsforslag:
1) med poteter, raspa gulrøter og blanksteikt løk.
2) "på bestemors vis" - på brødskive/rista brød, med kokte gulrøter, kokt egg og steikt bacon.
God apetitt! :-D
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar