Gift i mat vs økologisk = prosessert vs rein mat
Eit stort studie fra Europa og USA viser at inntak av prosessert kjøtt kan føre til auka risiko for kreft og hjarte-/karsjukdomar. Forskarane anbefalar å redusere inntaket.
WHO om prosessert kjøt som kreftårsak - les intro frå The Lancet oncology her - eller på norsk f.eks frå E24 her.
Så bra diskusjonen endeleg kjem opp
Men til alle som er redd for at nyheitsoppslaga med WHO-åtvaringane mot prosessert kjøt betyr at biffen og pølsene må ut av menyen: frå min ståstad er svaret nei. Det er det prosesserte kjøtet WHO åtvarar mot. Dvs mellom anna det nitritt-tilsette du finner i kjøledisken av m.a blandingsprodukt som pølser, kjøttkaker, pølsepålegg, leverpostei, m.fl..
Det er mange år sidan min lærar (lege, vestlegmedisinsk sådan) under medisinstudiet fortalde oss at prosesserte kjøtvarer er tilsett blant anna nitritt/nitrat som blir omdanna til nitrosaminer som i lang tid har vore knytta til potensiell kreftfare. Så dette er ikkje noko nytt. Denne læraren sa at "Det einaste som kan unnskylde å hive i seg ei pølse med brød, er om du dyngar på med sennep - for sennepsfrø er i utgangspunktet sunt." Eit anna informativt tilfelle var då eg møtte ein kokk ved kjøledisken på Rema; vi funderte begge over kva vi skulle ha til middag - ho sa at "Det einaste som er sikkert er at det ikkje blir masseproduserte blandingsprodukt, for eg veit kva dei inneheld!"
Så - i 15-20 år har vi allereie halde forbruket av prosessert mat på lavnivå her i garden.
Eg trur ikkje nitritt skal ha skulda åleine for auka kreftrater ved inntak av konvensjonelt produsert mat/kjøt. Der er fleire produksjonsmetodar- og tilsetjingar som spelar inn og forsterkar kreft-/sjukdomsfaren, og det er veldig nærliggjande å tenkje at glyfosat/RoundUp, som WHO nyleg òg erklærte kreftframkallande, er like medverkande årsak til aukande rater av kreft og annan alvorleg sjukdom. Amerikanske Monsanto har produsert og gått god for glyfosat i mange tiår. Dei har hevda at stoffet er trygt sjølv om dei heilt sidan 1980 skal ha kjent til at det er kreftframkallande. Så lenge har vi tilført og utbreia dette stoffet i naturen vår at det no blir funne igjen i alle ledd i næringskjeda - summen av giftstoffa ein blir tilførte gjennom konvensjonelt produsert mat og drikke blir dermed akkumulert sett ein cocktail som ikkje utenkjeleg kan vere alvorleg sjukdomsframkallande.
Risikomatvarer (klikk for lenker): kylling og svin ( her òg), laks (oppdrettslaksen i Norge har blitt gmo-fôra i mange år og viser høge toksinverdiar). Konvensjonelt produserte blandingsprodukt kan vere tilsette element som ikkje er bra for oss: i tilfelle dyr med kreft (som er hyppig forekomande etter introduksjonen av GMO-fôr), hamnar svulstane gjerne uforvarande i pølser. Ein ønskjer gjerne heller ikkje å ete kjøtstykkjer frå dyr som er fôra med genetisk modifisert (GMO) mais og soya, og kjøt frå dyr som lever under svært dårlege kår og blir hormonbehandla og medisinerte for raskast og størst mogleg vekst for effektiv og enkel kapital. I tillegg til å vere direkte skadeleg for dyra, fører denne industrien og produksjonen av den (t.d mais-/soyaproduksjon for framstilling av dyrefôr) til utslepp og sprøyting av enorme mengder høgtoksiske substansar til naturen. Vi får dermed gifta i mangedoble dosar; frå lufta, frå tilsig til grunnvatnet, frå dyra vi et som har blitt oppfôra på føde som er metta med sprøytemiddel, i tillegg til å ha levd under dårlige kår slik kommersiell produksjon ofte blir driven .
Når ein reflekterer litt, er det ikkje vanskeleg å velje vekk den kyniskproduserte delen av tilboda i butikken:
"When you eat an animal, you end up eating all its pain and suffering. Think about that."
How could we have ever believed
that it was a good idea
to grow our food
with poisons?
- Jane Gooddall
Ja...korleis kan det ha hendt at selskap som er kjende for kjemisk/biologisk krigføring no kontrollerer mesteparten av verda sin matproduksjon?
Det heimelaga, av reine råvarer, er noko heilt anna enn det masseproduserte
Heimelaga pølser og biff utan rusk og fusk meskar vi oss gjerne med. Kjøt/fisk frå dyr som har levd gode og frie liv frå fødsel til slakting, der ein nyttar heile dyret i matproduksjonen, er det mest etiske, bærekraftige, reine og sunne ein kan innta av animalsk føde.
Hjort: kolle, 72 kg. Etter ca 40 døgngrader er slaktet klart til nedskjering
Partering tek litt tid, men det er ei sann glede å lage sin eigen mat. Eit 72 kg's dyr gjev ca 36 kg kjøt til biffar, grytekjøt, steik, kjøttdeig. Bein går til kraftkoking - heile dyret blir nytta.
I år prøvde vi noko som for vår del var nytt: speking av hjortebog. 6 døgn i havsalt tilsett litt pepar og kvitløkspepar, deretter 1 1/2 mnd tørketid i luftig rom. Pluss på med meierismør, flatbrød og poteter rett frå åkeren...resultat: nydelig!!
I tillegg til storvilt er frysaren full av fisk og sjømat som er resultat av jakt og fiske - kortreist rein mat rett frå Vestlandet sine skogar, fjell, vatn og fjordar.
ENKEL LUKSUS - når teinene er dregne trenger ein berre vatn og salt i tillegg for å få eit herremåltid.
Det er ikkje mange åra sidan ALL mat var økologisk
Våre oldeforeldre visste ikkje om anna - fordi det ikkje fanst anna enn rein mat.
- deretter kom profitørane og dei kyniske aspekta inn i matproduksjonen med alle sine kjemikaliar, sprøytemiddel, genmodifiseringar, medisinar og gufne greier. Dei ønskjer eg vekk frå næringskjeda vår igjen, slik at matbordet vårt blir giftfritt slik det var før. Å etterspørje økologisk betyr å gjere eit bevisst val og sende eit tydeleg signal om at vi vil ha tilbake den reine maten.
Ikkje alle er så heldige at dei har tilgong til å jakte/fiske sjølv eller til å kunne kjøpe direkte frå dei som gjer det. Og ikkje alle har like bra utval på nærbutikkane sine av kortreist/lokalprodusert/økologisk mat. Men tilbodet aukar med etterspurnaden, så om du ikkje finner det du ønskjer av økologiske varer i butikken din: be dei om å bestille inn.
Lokalmat:
Velg lokalprodusert, etisk, bærekraftig og reint når du velgjer ut mat til deg og dine <3
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar