Hudkrem er ikkje eitt feitt!
I vår tid med enorme mengder forureining av alle slag har huda vår ein tøff jobb å gjere. Ikkje minst: dagleg utsetter vi sjølve huda vår meir eller mindre uforvarande for påkjenningar som absolutt ikkje er av det gode for resten av kroppen vår: kjemiske og hormonforstyrrande substansar frå kosmetikk.
Reklamane held kanskje kva dei lovar på utsida - men det som skjer innvendig når kroppen vår tek opp skadelege substansar, det er ei anna sak. Her kan du lese kva Kreftforeningen seier om skadelege/hormonforstyrrande stoff i kosmetikk/hudpleieprodukt, samt cocktaileffekten ved å tilføre kroppen mange ulike substansar som akkumulerer og påverkar både kvarandre og kroppen vår ved å forsterke eller svekke prosessar og funksjonar.
Men er det noka sak når ein kan lage sine eigne hudpleieprodukt?! - neiidda! :-D So kremproduksjon er det titt og ofte her i heimen. Resultatet er ein hudkrem så rein at du kan ete den, og som kan brukast av alle, frå små babyar til mannfolk - og til damer attpåtil. Den er nærande, naturleg antioksidant og vitaminrik, er ein ypparleg vinterkrem for baby-og småbarnshud,,, og alt anna godt ein hudkrem kan vere. Altso: den tilfører kroppen rett og slett berre gode ting.
Oppskrifter på hudkrem finner du enkelt på nettet og ingrediensane du trenger finner du på helsekostbutikken - om du ikkje allereie har dei i kjøkenskåpa. Velg økologiske, GMO-frie råvarer. Hovudingrediensane i min krem er kokosolje, bivoks, olivenolje og sheabutter - i tillegg tilsetter eg eteriske oljar etter ønskje. Lavendelkrem og appelsinkrem blir lett ein favoritt! :-)
Heimelaga kosmetikk er ferskvare og har ikkje så lang holdbarheit som dei som er tilsette parabener og andre syntetiske konserveringsmiddel. Dette er ikkje noko problem her i heimen - kremen er dryg i bruk men brukt som både ansikts-/hand-/kuldekrem samt for tørr hud generelt, går den kjapt nok unna til at holdbarheit ikkje er noko problem. Men om du vil, kan du evt tilsetje nokre dråpar E-vitamin for konservering.
Det er så lett å kjøpe alt det reklamen seier er lurt og greit, men det kan ha så mange uønska konsekvensar. Det er både moro og enkelt å lage sine eigne produkt med utgongspunkt i det ein finner i kjøkenskåpa - så fyll baderomsskåpa med gode "cocktailar" i staden for dei som potensielt kan skade, og ha ein glad vinter med sjøllaga, sunn og nærande hudkrem :-D
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar