torsdag 29. oktober 2015

Raud vin - fermentert kunstverk


Varme i den kalde årstida

 




Det nærmar seg helg og november. Haustmørke og klokkeinnstilling til vintertid gjer at vi forlengst har begynt å krype i hus tidlegare om ettermiddagane enn vi heilt nettopp gjorde. Vi har nettopp slutta å vente på sommaren 2015 som stort sett glimra med sitt fråvær her til lands, og før vi veit ordet av det er julestria over oss. Dermed er det på tide å finne fram den gode mørketids-atmosfæra i heimen, og eg vil då gjerne anbefale god økologisk raudvin som lett kan akkompagnere god mat og/eller stearinlys (inspirasjon på sjøllaging av det kjem veldig snart!), saueskinn, dei gode samtalene med nære og kjære, fyr i omnen og alt det som gjer at den kalde årstida skal bli ei gjevandes og fin ei <3




Så - eg tok ei polferd i dag, og kom heim med fire raude vinar i prisklasse 'ok'- to franske og to spanske. Dei skal få lov å presentere seg nesten sjølv



Franske Rosso Piceno 2014 har lenge vore ein av favorittane, omtale her

Le Bio Balthazar 2013 er ein annan franskmann, du finner omtale her

Deretter følgjer to spanske som vart varmt anbefalt på Vinmonopolet:

Mestizaje 2013, omtale her

og tilslutt

Carro 2013, omtale her



Å velge økologisk framfor konvensjonelt produsert raudvin betyr først og fremst å velge vekk å innta sprøytemiddel som elles blir brukt hovudsakleg mot soppangrep på vindruene. Denne problematikken kan ein lese meir om her og her dersom ein har lyst å angre på det ein allereie har innteke av konvensjonelt produsert vin.

Men; framfor å angre kan ein alltid starte på ny frisk - det e mykje beire det! Så - prøv økologisk neste gong du er på polet, og nyt den dobbelt opp fordi det er reint, fermentert drikke som i edruelege mengder ikkje skal skade, og som gjer dei kalde vinterkveldane bittelitt varmare <3









Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar