torsdag 29. oktober 2015

Ønskjet om eit barn - akupunktur ved ufrivilleg barnløyse

Eg har verdas kjekkaste jobb! <3

Eg har kome ut av teljinga på kor mange gongar eg i akupunkturbehandlingssamanheng har fått denne lykkelige meldinga frå par som er ufrivilleg barnlause, no fekk eg gleda av å oppleve det igjen: "Vi er gravide!"

Det er fantastisk å oppleve at ein som behandlar kan bidra til så enorm glede som det er å gje par moglegheit til å få eit lenge etterlengta barn. I mange tilfelle blir akupunkturbehandling prøvd i siste instans, etter at alt anna har slege feil og dei vestlegmedisinske legane har gjeve dei opp. Mange har prøvd lenge, vore gjennom mange undersøkjingar og belastande hormonbehandlingar, IVF (in vitro fertilisering), håp og sorg om kvarandre. Men alt håp treng altså ikkje vere ute og etter mi meining burde kvalifisert akupunktør involverast på eit tidleg tidspunkt i behandlingssamanheng ved denne typen problemstilling.





                                       <<<>>>                                          


"It's hard to wait around for something
you know might never happen
but it's even harder to give up when you know it's
everything
you want."

 
 
<<<>>>






Iflg WHO (2013) er så mange som kvart fjerde par i industrialiserte land råka av ufrivilleg barnløyse. Årsakene til infertilitet kan vere mange, men løysinga på problema trenger ikkje vere komplisert. Ved sida av akupunkturbehandling bidreg akupunktøren din m.a med kostholds- og livsstilsråd. Ein gjengangar ved mange problemstillingar vi møter i klinikken, så også ved infertilitet/ufrivilleg barnløyse, er stress - vår tids folkesjukdom. Stress er ofte ein negativt påverkande faktor som forårsakar ubalansar og sjukdom. Akupunktur er ein fin behandlingsmetode for stressreduksjon og avspenning.











Akupunktur er ein trygg og god behandlingsmåte med høg suksessrate ved ufrivilleg barnløyse, både som enkeltståande behandlingsmetode samt i kombinasjon med hormon-/IVF-/annan type behandling.


Om du ønskjer meir informasjon eller er i ein situasjon der du lurer på om akupunkturbehandling kan vere noko for deg, ta kontakt med ein akupunktør som er godkjend av Akupunkturforeningen. Det er viktig at behandlaren du oppsøkjer har tilstrekkjeleg kunnskap og utdanning, oversikt over dei som er godkjende akupunktørar i Norge finner du her

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar