onsdag 5. februar 2020
Sarah Bernard med gul krem
Den desiderte julekakefavoritten til barna kan igrunn lagast heile året, og står seg godt i frysaren.
Botnar:
3 eggekvitar
180 g (2dl) sukker
120g (3 dl) malte mandlar
Stivpiska eggekvitar tilsetjast sukker i fleire omgongar - pisk godt mellom kvar gong.
Rør inn malte mandlar og form små plettar, ca 6 cm i diameter.
Steik kakene lysbrune, og avkjøl.
(180 C på midterte rille i ca 15 min.)
Gul krem:
5 eggeplommar
120 g sukker
1 dl kremfløyte
100 g smør
1 ts vaniljesukker
Kok opp eggeplommar, sukker og fløyte.
Smør og vaniljesukker rørast inn etter oppkok.
Avkjøl.
-----------
Fordel dei små kakebotnane utover eit brett.
Legg ein liten klatt gul krem på kvar kakebotn, og plassèr kakene i frysaren 1-2 timar.
-----------
Smelt i vannbad: 150 g sjokolade (mørk og/eller kvit) og 2 ss kokosfett eller smør.
Dypp dei frosne kakene raskt i den smelta sjokoladen, og sett bretta tilbake i frysaren ei lita økt.
Oppbevarast i kakeboks i frysaren, med bakepapir mellom kakelaga.
____________
(Berre å beklage at eg framleis ikkje får til linjeskiftfunksjon innpå her, men kakene er like gode sjølv om skriveeigenskapane er mangelfulle )
Ha glad februardag :-)
Abonner på:
Innlegg
(
Atom
)