onsdag 5. februar 2020

Sarah Bernard med gul krem

Den desiderte julekakefavoritten til barna kan igrunn lagast heile året, og står seg godt i frysaren. Botnar: 3 eggekvitar 180 g (2dl) sukker 120g (3 dl) malte mandlar Stivpiska eggekvitar tilsetjast sukker i fleire omgongar - pisk godt mellom kvar gong. Rør inn malte mandlar og form små plettar, ca 6 cm i diameter. Steik kakene lysbrune, og avkjøl. (180 C på midterte rille i ca 15 min.) Gul krem: 5 eggeplommar 120 g sukker 1 dl kremfløyte 100 g smør 1 ts vaniljesukker Kok opp eggeplommar, sukker og fløyte. Smør og vaniljesukker rørast inn etter oppkok. Avkjøl. ----------- Fordel dei små kakebotnane utover eit brett. Legg ein liten klatt gul krem på kvar kakebotn, og plassèr kakene i frysaren 1-2 timar. ----------- Smelt i vannbad: 150 g sjokolade (mørk og/eller kvit) og 2 ss kokosfett eller smør. Dypp dei frosne kakene raskt i den smelta sjokoladen, og sett bretta tilbake i frysaren ei lita økt. Oppbevarast i kakeboks i frysaren, med bakepapir mellom kakelaga. ____________ (Berre å beklage at eg framleis ikkje får til linjeskiftfunksjon innpå her, men kakene er like gode sjølv om skriveeigenskapane er mangelfulle ) Ha glad februardag :-)

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar