fredag 7. april 2017

Bivokspapir - slik lagar du dei sjøl

Bivokspapir





Bivokspapir sørgjer for at maten held seg frisk utan å tørke ut, det kan gjenbrukast mange gongar, er naturleg antiseptisk.og kan komposterast etter bruk. Du kan bruke det til frukt og grønnsaker, ost, brød, til å dekke over skåler og bollar, til nisteinnpakning mm. Bivokspapir skal IKKJE brukast til kjøt og fisk.


Pga bivoksen sine antimikrobielle eigenskapar så blir bivokspapiret reint berre med kaldvask utan såpe. For reingjering så bløytleggjer/skyller du det i 

kaldt -> lunka vatn. Ikkje bruk varmt vatn, då smeltar du vekk voks. La det henge luftig til det er tørt, deretter kan du brette bivokspapiret saman for oppbevaring til neste gongs bruk :-)





~~~~~


Slik gjer du:


1. Sett bakaromnen på 180 grader C.

Klipp opp eit reint stykke økologisk bomull i fin kvalitet, til den størrelsen du ønskjer - eksempelvis: til oppbevaring av brød ca 40 x 60 cm, til å dekke over bollar og skåler 40 x 40, 50 x 50 eller klipp rund form, til nisteinnpakning 30 x 40 cm. Bruk gjerne eit mønstra bomullsstoff slik at eventuelle ujamnheiter i voksen ikkje viser så godt. 

Sørg for at også nytt stoff blir grundig vaska før bruk, då det kan innehalde miljøgifter, kjemikalier og allergiframkallande stoff.


2. Legg tøystykket på bakeplate dekt med bakeark (helst av silikon).


3. Bivoks får du tak i m.a. hos lokale birøktarar eller hos Honningcentralen. Du får det i pelletsform, eller i større stykker.


4. Større voksstykker: rasp eller kutt opp i små bitar og fordel tynt og jamnt utover bomullsstykket. Ikkje bruk for mykje voks - då vil bivokspapiret ditt bli tjukt, stivt og flassande. Prøv deg fram vedr mengde; om det blir for lite voks, kan du seinare drysse over litt meir der det trengs og perfeksjonere arbeidet ditt :) 

Ca 60 gram voks til eit 40 x 40 cm stort tøystykke kan vere passeleg.


Voks er ikkje enkelt å fjerne frå overflater der dei ikkje skal vere, så i tilfelle du velger rasp: benytt ei som du i framtida berre vil bruke til voks. 


5. Sett brettet på midterste rille i bakaromnen (180 grader C). Alt etter kor store voksbitane er vil det ta 7-10 minutt å smelte dei. Når alt har smelta tek du brettet ut av omnen, og ser over at heile tøystykket er dekt av voks. Om der er voksfrie flekkar, raspar/kuttar du opp litt meir voks, strør over og puttar brettet i bakaromnen igjen til det har smelta.


6. La det ferdige bivokspapiret avkjøle seg bittelitt, før du løyser det frå bakearket og henger det til tørk. Velg eit "tørkestativ" som ikkje er så farleg med at det kjem i kontakt med voks, t.d "tverrliggaren" på ein kleshengar (som du då altså ikkje brukar til findressen etterpå!). Etter få minutt er bivokspapiret ditt avkjølt og klar til bruk.


7. Etter lang tids bruk vil der bli stadig mindre voks på "papiret". Du kan då enten hive bivokspapiret i komposten og lage nytt, eller du kan gjenbruke ved å vaske tøystykket før du raspar over ny voks og gjentek prosessen.






~~~~~~


Ved å bytte ut plast- og aluminiumsfolie med bivokspapir, sparer du både kroppen og miljøet for giftstoff som t.d DINP, som er tilsett plast for å halde den mjuk og som verkar hormonforstyrrande. Norge avventar signal frå EU før dei vurderer å forby DNIP. Aluminium er kreftframkallande og blir knytt til m.a utvikling av demens/Alzheimer.



Om du ønskjer deg bivokspapir men ikkje ønskjer å lage det sjøl, kan du bestille t.d frå beeorganic.no







LYKKE TIL! <3



2 kommentarer :

  1. HeI! Så fin bloggpost! Vi måtte inn og se hvem som sendte trafikk til siden vår, og fant deg! :-) Veldig gøy at du oppfordrer folk til å lage sitt eget bivokspapir.
    Vi har selv lyst til å prøve, men ikke kommet så langt.
    Tusen, tusen takk for linken! :-)

    Hilsen BeeOrganic :-)

    SvarSlett
  2. Hei, så kjempekjekt!!! BeeOrganic har massevis av fine og naturkjære produkt som det gledar meg stort å bidra til at fleire får kjennskap til :-D Ønskjer dokke glade maidagar og god sommar :-) - T.

    SvarSlett