torsdag 29. oktober 2015

Raud vin - fermentert kunstverk


Varme i den kalde årstida

 




Det nærmar seg helg og november. Haustmørke og klokkeinnstilling til vintertid gjer at vi forlengst har begynt å krype i hus tidlegare om ettermiddagane enn vi heilt nettopp gjorde. Vi har nettopp slutta å vente på sommaren 2015 som stort sett glimra med sitt fråvær her til lands, og før vi veit ordet av det er julestria over oss. Dermed er det på tide å finne fram den gode mørketids-atmosfæra i heimen, og eg vil då gjerne anbefale god økologisk raudvin som lett kan akkompagnere god mat og/eller stearinlys (inspirasjon på sjøllaging av det kjem veldig snart!), saueskinn, dei gode samtalene med nære og kjære, fyr i omnen og alt det som gjer at den kalde årstida skal bli ei gjevandes og fin ei <3




Så - eg tok ei polferd i dag, og kom heim med fire raude vinar i prisklasse 'ok'- to franske og to spanske. Dei skal få lov å presentere seg nesten sjølv



Franske Rosso Piceno 2014 har lenge vore ein av favorittane, omtale her

Le Bio Balthazar 2013 er ein annan franskmann, du finner omtale her

Deretter følgjer to spanske som vart varmt anbefalt på Vinmonopolet:

Mestizaje 2013, omtale her

og tilslutt

Carro 2013, omtale her



Å velge økologisk framfor konvensjonelt produsert raudvin betyr først og fremst å velge vekk å innta sprøytemiddel som elles blir brukt hovudsakleg mot soppangrep på vindruene. Denne problematikken kan ein lese meir om her og her dersom ein har lyst å angre på det ein allereie har innteke av konvensjonelt produsert vin.

Men; framfor å angre kan ein alltid starte på ny frisk - det e mykje beire det! Så - prøv økologisk neste gong du er på polet, og nyt den dobbelt opp fordi det er reint, fermentert drikke som i edruelege mengder ikkje skal skade, og som gjer dei kalde vinterkveldane bittelitt varmare <3









Ønskjet om eit barn - akupunktur ved ufrivilleg barnløyse

Eg har verdas kjekkaste jobb! <3

Eg har kome ut av teljinga på kor mange gongar eg i akupunkturbehandlingssamanheng har fått denne lykkelige meldinga frå par som er ufrivilleg barnlause, no fekk eg gleda av å oppleve det igjen: "Vi er gravide!"

Det er fantastisk å oppleve at ein som behandlar kan bidra til så enorm glede som det er å gje par moglegheit til å få eit lenge etterlengta barn. I mange tilfelle blir akupunkturbehandling prøvd i siste instans, etter at alt anna har slege feil og dei vestlegmedisinske legane har gjeve dei opp. Mange har prøvd lenge, vore gjennom mange undersøkjingar og belastande hormonbehandlingar, IVF (in vitro fertilisering), håp og sorg om kvarandre. Men alt håp treng altså ikkje vere ute og etter mi meining burde kvalifisert akupunktør involverast på eit tidleg tidspunkt i behandlingssamanheng ved denne typen problemstilling.





                                       <<<>>>                                          


"It's hard to wait around for something
you know might never happen
but it's even harder to give up when you know it's
everything
you want."

 
 
<<<>>>






Iflg WHO (2013) er så mange som kvart fjerde par i industrialiserte land råka av ufrivilleg barnløyse. Årsakene til infertilitet kan vere mange, men løysinga på problema trenger ikkje vere komplisert. Ved sida av akupunkturbehandling bidreg akupunktøren din m.a med kostholds- og livsstilsråd. Ein gjengangar ved mange problemstillingar vi møter i klinikken, så også ved infertilitet/ufrivilleg barnløyse, er stress - vår tids folkesjukdom. Stress er ofte ein negativt påverkande faktor som forårsakar ubalansar og sjukdom. Akupunktur er ein fin behandlingsmetode for stressreduksjon og avspenning.











Akupunktur er ein trygg og god behandlingsmåte med høg suksessrate ved ufrivilleg barnløyse, både som enkeltståande behandlingsmetode samt i kombinasjon med hormon-/IVF-/annan type behandling.


Om du ønskjer meir informasjon eller er i ein situasjon der du lurer på om akupunkturbehandling kan vere noko for deg, ta kontakt med ein akupunktør som er godkjend av Akupunkturforeningen. Det er viktig at behandlaren du oppsøkjer har tilstrekkjeleg kunnskap og utdanning, oversikt over dei som er godkjende akupunktørar i Norge finner du her

onsdag 28. oktober 2015

Andrereis

Kort innlegg sånn på tampen av dagen for å sjå om eg får til fleire bloggfunksjonar (= film) - kjem tilbake litt meir utfyllande seinare.

Her er i alle fall: Eksplosivt sprudlandes vannkefir - sunnare enn brus og (nesten) bedre enn champis :-)

 
Vannkefir "lagar seg nesten sjøl", er probiotisk og kan tilsettast friske frukter eller fruktsaft alt ettersom, for å komponere sin egen favorittsmak. Kefirkorn formerer seg villig vekk hos dei som er drevne på kefirproduksjon, så for å komme igong med egen produksjon: få tak i hos en venn, søk opp interessesider på fb der du kan få tilsendt pr post, eller bestill på nett, f.eks på www.hjemmeriet.dk
 
 
 
 
 

Førstereisblogginnlegg

So prøvar vi oss på blogging - liten enkel test i dag for å sjå om her er tilstrekkelig dataevne til å få til et innlegg. Om det funkar ok, vil her etterkvart kome litt om både det eine og det andre av det som ligger hjertet nært.

Etter jobb på Akupunkturklinikken i dag, var det raskt ut i "åkeren" (som i år er karmkasser og store blomsterkrukker) for å ta inn resten av årets poteter (økologiske, sjølvsagt). Dei vart sette seint og på begrensa med plass, så avlinga i år vart ikkje allverdens. Men dei vart sette i god jord med 12 år gammal kaldkompost, så kvaliteten er upåklagelig og dei toppar enkelt den kulinariske nytelsen som tilbehør til fisk rett frå havet eller mørt kjøt av vilt.


 
 Min vesle hjelpingsmann er sjølskriven når det skal haustast:



Vekslingsjordbruk må det vere, sjøl på begrensa plass. Så når potetene var vel oppe av jorda, erstatta vi dei med løk og kvitløk til overvintring og neste års avling i karmkassene. Plass til anna godis er der òg - det er ikkje store plassen en trenger for å ha grønsaker til ganske mange måltid. Settepotetene skal få seg større åkerplass neste vår, og kome i jorda før 17.mai - kunnskap erverva av min kjære morfar etter at eg informerte om at eg var seint ute i år. Uansett - om dei er av varierande størrelse og noken nesten mikroskopiske: so kjekt med næringrike, reine skattar frå Moder Jord! Dei minste potetene blir vaska fint og putta i ildfast form sammen med gulrøter, kvitløk og anna snædder, en goood klatt meierismør, etpar klipp frå timian- og rosmarinduskane + himalayasalt og pepar. Hiver det i ovnen først med lok i 15 min eller so, deretter ei lita bræsing uten lok, og so er dei serveringsklare.




 No skal no ikkje ditte her bli en matblogg, men sia potetopptaking var dagens dont so startar min bloggkarrière slik. Om eg i det heile teke får den ut på eteren - det klarar eg nesten ikkje å vente med å finne ut, så eg avsluttar no og so kjem eg sterkare tilbake med smått&stort frå mine allsidige dagar. Glad onsdagskveld til dokke alle :-)