onsdag 1. mars 2017

Den vidare framdrifta på druefronten

Druestiklingar


I oktober gjorde eg for første gong eit forsøk på å dyrke fram druestiklingar i håp om å kunne dyrke eigne druer av ein sort som smakar godteri (ja, faktisk!) , i følgje minstemann i huset :-D 

Les meir om korleis eg tok stiklingar samt framdrifta sidan oktober: her og her og her
Nokon av stiklingane fekk ganske snart blad og slyngtrådar, og nokon fekk etter 3-4 veker små røter. Utover seinhausten og vinteren '16 visna alt ned og berre brune, tørre pinnar stod att som eit molefonkent syn. Nokre av desse heiv eg - dessverre, kan eg seie no - eg trudde dei hadde avgått ved døden, alt ihop. 

Tilsynelatande livlaus druestikling. Har overvintra saman med
artemisia og tomatstikling --og så har kløen i dei grøne fingrane
putta oppi cow peas som spirer villig no på tidlig-våren.

~~~~~~

O'glede! I januar kom dei første bevisa på at 'nytt liv frå daude gror'; i eitt bladfeste kom der nytt skot. Etter nokre veker kom der endå eit. Og no har eg jammen meg fleire druestiklingar som spirer og kosar seg og ser fram mot våren herifrå stoveglaset. 




Planen min no framover er å vente tålmodig på våren mens stiklingane får vekse seg sterke. Når det blir varmare i veret vil eg gradvis herde nokre av dei til eit liv utandørs. Ein eller to plantar vil eg behalde innandørs fram til neste vår, i tilfelle dyrking utandørs går skeis. 



Drueplantar trenger i utgongspunktet drivhus. Stiklingane eg fekk i fjor haust var av plantar som hadde vakse oppetter ein stein, der dei på solrike dagar i sommarhalvåret nytte godt av solvarmen som steinen samla i løpet av dagen. Eg skal spekulere ut korleis eg kan lage til ein liknandes lun plass i hagen vår. Om det blir godteri-smakande druer i år eller neste år, det gjenstår å sjå. Vi ventar i spenning :-D




Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar