Bivokslys
I år som i fjor: på tidleg førjulsmorgonkvist hadde minstemann&mamma
bitteliten juleverkstad før skule og jobb: vi lagde bivokslys.
Enkelt og koselig både for små og store hender.
<3
Kjekt å lage, miljøvenleg og i motsetnad til vanlege stearinlys så inneheld bivoks ikkje petroleumsprodukt som forureinar innelufta og kan vere skadeleg. Bivokslys derimot, forårsakar ikkje skadeleg forureining. Dei er karbonnøytrale og produserer ikkje sot, slik som vanlige stearinlys. I tillegg renser honninglys lufta og gjev eit betre inneklima.
Bivoksplater, lys-veik, skarp kniv, saks, skjærefjøl og ein linjal er alt som trengs. |
Vi måler oss 6 cm opp på sidene og skråskjærer bivoksplatene. |
Vi klipper til lengda på veiken i forhold til lengda på bivoksplatene, og rullar opp plata rundt denne. |
...og vips, så har vi bivokslys, som kan pakkast inn og gjevast vekk som eigenprodusert gåve laga av små barnehender ... |
...eller til førjulsstemning ved frokostbordet før skuletid <3 |
Dokke òg rekker å lage fine, naturleg godluktande julepresang-lys
om dokke går på hobbybutikken og kjøper bivoksplater idag :-)
om dokke går på hobbybutikken og kjøper bivoksplater idag :-)
http://www.dinside.no/bolig/advarer-mot-disse-lysene/61953348
https://www.fhi.no/nyheter/2010/mulig-helserisiko-ved-bruk-av-stear/
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar