Sjakkruter
Sjakkruter
200 g meierismør5 dl kveitemjøl
2 ½ dl melis
2 ts vaniljesukker
1 ss kakao
~~~~
1) Elt ihop mjøl, melis og meierismør til ei jamn deig.
2) Del deiga i to, der eine delen er litt større enn den andre.
3) Kna vaniljesukker inn i den største delen og kakao inn i den minste delen.
Del kakaodeiga i fire emner og vaniljedeiga i fem emner.
4) Rull kvart emne til jamne og like lange pølser, ca. 1,5 cm i diameter, og legg pølsene i sjakkrutemønster: nederste rad kvit + brun + kvit, midterste rad brun + kvit + brun, og øverste rad kvit + brun + kvit.
Du kan òg lage sjakkruter med fire pølser; to kvite og to brune, som du setter ihop.
5) Press pølsene lett ihop og form sidene rette ved å presse mot bordplata. Legg i tett boks og la deiga kvile i kjøleskåp i minst 30 minutt.
6) Sett omnen på 175 °C.
Del "sjakkpølsa" i skiver på ca 0,5 cm med skarp kniv, legg kakene på brett og steik på midterste rille i 8-10 minutt. Kakene skal bli berre såvidt brune i kanten - då er dei ferdige. Avkjøl på rist.
~~~~~
~~~~~~
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar