Framdrift prosjekt druedyrking
I oktober sette eg stiklingar av drueplantar - korleis eg gjorde det kan du finne meir om her og her. Nokon sette eg direkte i jord, andre i vatn. Dei som vart sette i jord står ganske så brune og inntørka no og ser livlause ut, men pga årstida og at plantar faktisk har ein slags innebygd kalendar så vil eg avvente fram mot våren for å sjå om der spirer liv - eller om dei må kasserast.
På dei stiklingane som vart sette i vatn: seint i november var der begynt å kome små røter - hurraaa! :-D desse viste seg imidlertid å vere svært skjøre og knakk lett av om ein kom borti dei. Eg gav dei litt ekstra tid før eg planta dei på mest skånsomme vis i lett jord, og heldt denne konstant fuktig i håp om at stiklingane skulle finne rotfeste.
Dei står forøvrig brune og stusselige dei stiklingane òg no. Så der òg; våren vil fortelje meir om korleis dette går.
Eg hadde igrunn skrinlagt håpet om at dette skulle bli noke suksess no på feil "stiklingtid av planteåret", og bestemt meg for at eg vil gjere nytt forsøk med nye stiklingar på den riktige årstida - våren. Men hva skuer mitt øye; den aller siste stiklingen som vart sett i vatn i oktober, viser no små fine rot-emner. Nok ein gong spirer håpet <3 Eg skal la den stå i vatn ei stund framover endå, for om mogleg å få eit sterkare rotgrunnlag før overflytting til jord.
Og neste gong eg setter stiklingar, skal eg bruke aloe vera på kutt-staden på alle stiklingar. Det gjorde eg ikkje i haust. Er lurt å gjere skikkelig arbeid når ein først balar med det, for å få høgast mulig suksessrate :-)
~~~~~~
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar