Aloe Vera
Bladsafta inneheld komponentar med antibiotisk og smertestillande virkning og har god effekt på brannsår, eksem o.a hudskader/-problem samt for generell hudpleie. Geleen kan også brukast innvortes mot sår og betennelsar i slimhinner i mage-/tarmkanal.
Frå Urtekilden: "Den klare geleen i bladene på aloe vera planten helbreder bemerkelsesverdig fort sår og forbrenninger, og er et nyttig førstehjelpsmiddel mot forbrenninger, hudavskrapninger, skoldinger og solforbrenninger. Geleen er nyttig ved alle hudlidelser som krever lindring og astringering, slik som sår, eksem og psoriasis, og den hjelper også til en viss grad mot åreknuter. Geleen kan dessuten brukes innvortes ved f.eks. magesår og irritabel mage. Et gult harpiksaktig stoff som finnes i de ytre klorofyllrike cellelagene på bladene er kjent som "bitter aloe". Det er et kraftig avføringsmiddel som virker ved at det får tykktarmen til å trekke seg sammen, noe som kan være nyttig ved kortvarige forstoppelser."
Førstehjelp ved uhell som glovarm kaffi på lita barnearm (aloe kan åleine behandle 1.-2.grads forbrenning - søk legehjelp ved alvorlegare skader) :
~~~~~~
Når ein har barn i hus er tilgong til aloe vera like nødvendig som plaster. Dyrk den unike planten sjølv så du har den for hand når du brått kan kome til å trenge den - noko som garantert kjem til å skje!
~~~~~~
Aloe Vera - eigenskapar:
- evne til å regenerere hudceller -> nyttig i tilfelle av t.d brannskader.
- er lettfordøyeleg og kan behandle t.d treg mage.
- godt eigna mot hudproblem og for regenerering av indre vev.
- naturleg smertestillande, utan bivirkningar.
- eliminerer sopp og virus.
- beskyttar og styrkjer immunsystemet vårt.
- svært god anti-inflammatorisk virkning.
- mangfoldig innehold av vitaminer og mineraler. vitaminar frå B-kompleksgruppa, tanninar, oljar, feittsyrer (oljesyre og linolsyre) og ei rekkje aminosyrer.
- ypperleg reingjeringsmiddel/desinfeksjonsmiddel.
- m.fl.
Førstehjelp ved uhell som glovarm kaffi på lita barnearm (aloe kan åleine behandle 1.-2.grads forbrenning - søk legehjelp ved alvorlegare skader) :
1) Fjern klesplagg over affisert område umiddelbart for å avgrense varmebelastninga mot huda og skyll området med rennande vatn under dusj/krane med lunka -> kjølig -> kaldt vatn. Dette for å kjappast mogleg stoppe varmespreiinga innover i vevet.
2) Trykk tørr huda forsiktig med reint tøystykke.
Trykk langs utsida av eit aloe-blad for å frigjere gelè/plantesaft på innsida, splitt bladet og smør aloe-gelè over det raude området på armen. Dekk affisert område med aloe-bladet for å behandle ved å holde fuktig mens klargjering av pkt 3): aloe-omslag:
Trykk langs utsida av eit aloe-blad for å frigjere gelè/plantesaft på innsida, splitt bladet og smør aloe-gelè over det raude området på armen. Dekk affisert område med aloe-bladet for å behandle ved å holde fuktig mens klargjering av pkt 3): aloe-omslag:
3) Skjær aloe vera-blad opp på langs og skrap av gelèen på innsida av bladet med ei skei. La bandasje/gasbind trekkje til seg gelè i rause mengder og plassèr deretter omslaget på det skada området.
4) Til slutt dekke omslaget med plast, som vil hindre omslag/skade i å tørke ut. Dette sikrar at aloe-plantesaft trekkjer inn i huda og avgrensar skade, lindrar og beskytter samtidig som den helbredar.
~~~~~~
Dette var på kveldstid, rett før leggetid for bitteliten mann. Frå å svi og vere veldig vondt, var det ved sovetid berre litt kløe på armen der liten gut hadde brent seg. Resultatet får vi sjå i morgon, men som så mange gonger før når eg har behandla små brannskader, solbrentheit, stikk og hudplager med aloe; eg reknar med at skaden er blitt bortimot usynleg og umerkjeleg når morgonen kjem.
~~~~~~
~~~~~~
~~~~~~
Slik dyrkar du aloe vera sjølv:
- Plassèr veldrenerande masse/evt grus (ikkje sand - den inneheld salt som vil skade aloe-planten) i botnen av potta, for å sikre god drenering så planten ikkje rotnar.- Fyll potta med plantejord/evt jord blanda med mose.
- plassèr aloe-stiklingen/-planten i potta og dekk rotenden med jord opp til begynnelsen av blada.
- aloe vera er ein sukkulent som ikkje må overvatnast - då vil den råtne. Aloen er som andre ørkenplantar; den lagrar vatn i blada og det er betre å gløyme av den innimellom og berre tidvis skvette litt vatn i potta (littegrann kvar 14nde dag held lenge).
- aloe er svært enkel å få til å trivast, og den elskar sol og varme. Så plassèr den i eller nær vindauge, og aldri utsett den for frost.
- planten vil begynne å få små aloe-babyar etterkvart. Desse kan du plukke av og plante i nye krukker og sjå atter nye vidunder-medisinplantar vekse fram.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar