Vafler
I mine første år som kokkeglad på kjøkenet var vafler sånt som eg laga på gefühlen, uten oppskrift. SÅ kom dagen då ein av mine dyrebare kom heim frå skulekjøken og ville lage vafler til mamma <3
Sidan den gongen har hans oppskrift vore utgongspunktet i vaffelrøra "mi" (=hans), med små variasjonar vedr alternativ/tillegg til mjølk, ifht smårestar som kjøleskåpet rommar av seterrømme, fløyte, kefir og sånt.
~~~~~~
Vafler
4 egg
8 ss (rårør-)sukker
12 dl heilmjølk (evt fløyte + vatn, kefir/surmjølk)
600 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1/2 ts kardemomme
1/2 ts (himalaya-)salt
6 ss smelta meierismør - ha i til slutt
Vi rører alt ihop, og let røra kvile i 1/2 time ++, før vi penslar vaffeljernet med meierismør og steiker verdens beste vafler <3
...før vi serverar med vanlig vaffeltilbehør som meierismør&brunost, rømme&syltetøy etc.
~~~~~~~~
Finaste bildet på kjøkenet vårt;
skulekjøkenoppskrift på vafler, notert ned for
mange år sidan med inderlig kjær barnehand <3
Kardemomme utelèt eg tidvis, og skulekjøkenet sitt margarin er bytta
ut med meierismør. Elles er dette alltid utgongspunktet for røre til verdens beste vafler <3
~~~~~~
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar