I går fikk minstemann i huset sine fiskekaker. Inspirert av sytalausheita med et lass fiskekaker i frysaren, vart det ny runde på Coop Mega i dag for å investere i skinnfri torskefilet. Før ein time var omme hadde eg eit heilt lite berg med mine eigne favorittar òg: torskekaker <3
Framgongsmåten er den same, der er berre litt ekstra ingrediensar ifht gårsdagens kokkelering.
Torskekaker
(i parentes: mi porsjons-ingrediensberekning ifht dagens innkjøpte torskemengde)
*600 g torskefilet u/skinn&bein (1530 g)
*1,5 ts himalayasalt (4 ts)
*2 egg (3 stk)
*2 dl kremfløyte (5 dl)
*2 ss kveitemjøl (det droppa eg - der
er stivelse nok i poteter og egg)
*1 potet (3 stk)
*1 gulrot (3 stk)
*frisk, finhakka dill
*nykverna svart pepar
*eit dryss muskat
Kjøleskåpkalde ingrediensar.
Køyr skinn- og beinfri torsk + salt godt ihop i foodprosessoren. Hiv massa over i større eltebolle, tilsett gradvis egg + fløyte ( i tilfelle du vil bruke kveitemjøl tilsetter du det vekselvis med væska) og kvern godt til du har ei jamn farse. Ha i finreven potet og gulrot + pepar, dill og muskat.
Steikast i meierismør til dei er gjennomsteikt, ca 3 min på kvar side.
Dagens fiskekakeversjon vart servert med poteter, raspa gulrot, steikt raudlauk og smelta smør --- yummmi
Minstemann i huset er 5, og noko av det som står høgast på ynskjelista til middag er heimelaga fiskekaker. Å hive i hop farse til fiskekaker er gjort på null komma fem - så enkelt & sunt, og så god og billig mat! Kjempekjekt å lage litt større porsjon så ein som bonus etter middagen kan putte resten av fiskekakene i frysaren og ha kjapp middag/kveldsmat lett tilgjengjeleg, berre til å varme opp.
Fiskekaker
Ca 20 stk
1200 g hysefilet ( alternativt sei, torsk eller lyr)
4 ts (Himalaya-)salt
2 dl heilmjølk
2 dl kremfløyte
1 løk (alternativt 6 ss grasløk)
1 egg (om ein ynskjer litt mindre "fluffy" fiskekaker, bruk 1 ss mjøl i staden)
1 1/2 ts pepar
Evt riven muskat
Meierismør til steiking
La alle ingrediensar vere kjøleskåpkalde.
Køyr fiskefilet + salt godt ihop i foodprosessoren.
Spe gradvis i mjølk + fløyte, til ei jamn farse.
Ha tilslutt i finhakka løk/grasløk, egg og nykverna pepar.
Form fiskekaker med spiseskei (manglar vi godt nynorsk ord for dèt ..?) og steik dei i smør på middels varme til dei er gjennomsteikte, ca 2-3 min på kvar side.
Serveringsforslag:
1) med poteter, raspa gulrøter og blanksteikt løk.
2) "på bestemors vis" - på brødskive/rista brød, med kokte gulrøter, kokt egg og steikt bacon.
Passar like godt til fest som til kvardags. Kjapp og enkel å lage - og så god!! <3
~~~~~~~~~
Du trenger (økologiske ingrediensar) :
500-800 g hjortekjøt
15 småløk eller 4 rødløk
250 g champignon
2 (+) fedd kvitløk
3 gulrøter
^^^^
2 ts sennep
7 skiver brunost
2 ss rørt tytebærsyltetøy
1 beger creme fraîche eller seterrømme
8 einerbær, støtt i mortar
1-2 dl H-mjølk eller kremfløyte
salt&pepar
1/2 ts timian
~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Sådan gjer du det:
500-800 gram hjortekjøt steikast i panne litt om gongen og leggjast over i jerngryte.
Kok ut steikepanna mellom kvar steiking og hell sjyen over kjøtet i gryta
- 10-15 småløk (eller 4 rødløk), delast i 1/4 båtar og steikast
- 250 g champignon, steikast med 2 fedd pressa kvitløk
2-3 gulrøter, steikast
~~~~~~~~~~~~~~~
Bland alt i gryta og kok til alt er mørt - ca 10 min.
~~~~~~~~~~~~~~
Taddaaa!!:: nydelig viltgryte
som passar like godt til fest som til kvardags.
Eit stort studie fra Europa og USA viser at inntak av prosessert kjøtt kan føre til auka risiko for kreft og hjarte-/karsjukdomar. Forskarane anbefalar å redusere inntaket.
WHO om prosessert kjøt som kreftårsak - les intro frå The Lancet oncology her - eller på norsk f.eks frå E24 her.
Så bra diskusjonen endeleg kjem opp
Men til alle som er redd for at nyheitsoppslaga med WHO-åtvaringane mot prosessert kjøt betyr at biffen og pølsene må ut av menyen: frå min ståstad er svaret nei. Det er det prosesserte kjøtetWHO åtvarar mot. Dvs mellom anna det nitritt-tilsette du finner i kjøledisken av m.a blandingsprodukt som pølser, kjøttkaker, pølsepålegg, leverpostei, m.fl..
Det er mange år sidan min lærar (lege, vestlegmedisinsk sådan) under medisinstudiet fortalde oss at prosesserte kjøtvarer er tilsett blant anna nitritt/nitrat som blir omdanna til nitrosaminer som i lang tid har vore knytta til potensiell kreftfare. Så dette er ikkje noko nytt. Denne læraren sa at "Det einaste som kan unnskylde å hive i seg ei pølse med brød, er om du dyngar på med sennep - for sennepsfrø er i utgangspunktet sunt." Eit anna informativt tilfelle var då eg møtte ein kokk ved kjøledisken på Rema; vi funderte begge over kva vi skulle ha til middag - ho sa at "Det einaste som er sikkert er at det ikkje blir masseproduserte blandingsprodukt, for eg veit kva dei inneheld!"
Så - i 15-20 år har vi allereie halde forbruket av prosessert mat på lavnivå her i garden.
Eg trur ikkje nitritt skal ha skulda åleine for auka kreftrater ved inntak av konvensjonelt produsert mat/kjøt. Der er fleire produksjonsmetodar- og tilsetjingar som spelar inn og forsterkar kreft-/sjukdomsfaren, og det er veldig nærliggjande å tenkje at glyfosat/RoundUp, som WHO nyleg òg erklærte kreftframkallande, er like medverkande årsak til aukande rater av kreft og annan alvorleg sjukdom. Amerikanske Monsanto har produsert og gått god for glyfosat i mange tiår. Dei har hevda at stoffet er trygt sjølv om dei heilt sidan 1980 skal ha kjent til at det er kreftframkallande. Så lenge har vi tilført og utbreia dette stoffet i naturen vår at det no blir funne igjen i alle ledd i næringskjeda - summen av giftstoffa ein blir tilførte gjennom konvensjonelt produsert mat og drikke blir dermed akkumulert sett ein cocktail som ikkje utenkjeleg kan vere alvorleg sjukdomsframkallande.
Risikomatvarer (klikk for lenker): kylling og svin ( her òg), laks (oppdrettslaksen i Norge har blitt gmo-fôra i mange år og viser høge toksinverdiar). Konvensjonelt produserte blandingsprodukt kan vere tilsette element som ikkje er bra for oss: i tilfelle dyr med kreft (som er hyppig forekomande etter introduksjonen av GMO-fôr), hamnar svulstane gjerne uforvarande i pølser. Ein ønskjer gjerne heller ikkje å ete kjøtstykkjer frå dyr som er fôra med genetisk modifisert (GMO) mais og soya, og kjøt frå dyr som lever under svært dårlege kår og blir hormonbehandla og medisinerte for raskast og størst mogleg vekst for effektiv og enkel kapital. I tillegg til å vere direkte skadeleg for dyra, fører denne industrien og produksjonen av den (t.d mais-/soyaproduksjon for framstilling av dyrefôr) til utslepp og sprøyting av enorme mengder høgtoksiske substansar til naturen. Vi får dermed gifta i mangedoble dosar; frå lufta, frå tilsig til grunnvatnet, frå dyra vi et som har blitt oppfôra på føde som er metta med sprøytemiddel, i tillegg til å ha levd under dårlige kår slik kommersiell produksjon ofte blir driven .
Når ein reflekterer litt, er det ikkje vanskeleg å velje vekk den kyniskproduserte delen av tilboda i butikken:
"When you eat an animal, you end up eating all its pain and suffering. Think about that."
How could we have ever believed
that it was a good idea
to grow our food
with poisons?
- Jane Gooddall
Ja...korleis kan det ha hendt at selskap som er kjende for kjemisk/biologisk krigføring no kontrollerer mesteparten av verda sin matproduksjon?
Det heimelaga, av reine råvarer, er noko heilt anna enn det masseproduserte
Heimelaga pølser og biff utan rusk og fusk meskar vi oss gjerne med. Kjøt/fisk frå dyr som har levd gode og frie liv frå fødsel til slakting, der ein nyttar heile dyret i matproduksjonen, er det mest etiske, bærekraftige, reine og sunne ein kan innta av animalsk føde.
Hjort: kolle, 72 kg. Etter ca 40 døgngrader er slaktet klart til nedskjering
Partering tek litt tid, men det er ei sann glede å lage sin eigen mat. Eit 72 kg's dyr gjev ca 36 kg kjøt til biffar, grytekjøt, steik, kjøttdeig. Bein går til kraftkoking - heile dyret blir nytta.
I år prøvde vi noko som for vår del var nytt: speking av hjortebog. 6 døgn i havsalt tilsett litt pepar og kvitløkspepar, deretter 1 1/2 mnd tørketid i luftig rom. Pluss på med meierismør, flatbrød og poteter rett frå åkeren...resultat: nydelig!!
I tillegg til storvilt er frysaren full av fisk og sjømat som er resultat av jakt og fiske - kortreist rein mat rett frå Vestlandet sine skogar, fjell, vatn og fjordar.
ENKEL LUKSUS - når teinene er dregne trenger ein berre vatn og salt i tillegg for å få eit herremåltid.
Det er ikkje mange åra sidan ALL mat var økologisk
Våre oldeforeldre visste ikkje om anna - fordi det ikkje fanst anna enn rein mat.
- deretter kom profitørane og dei kyniske aspekta inn i matproduksjonen med alle sine kjemikaliar, sprøytemiddel, genmodifiseringar, medisinar og gufne greier. Dei ønskjer eg vekk frå næringskjeda vår igjen, slik at matbordet vårt blir giftfritt slik det var før. Å etterspørje økologisk betyr å gjere eit bevisst val og sende eit tydeleg signal om at vi vil ha tilbake den reine maten.
Ikkje alle er så heldige at dei har tilgong til å jakte/fiske sjølv eller til å kunne kjøpe direkte frå dei som gjer det. Og ikkje alle har like bra utval på nærbutikkane sine av kortreist/lokalprodusert/økologisk mat. Men tilbodet aukar med etterspurnaden, så om du ikkje finner det du ønskjer av økologiske varer i butikken din: be dei om å bestille inn.
Lokalmat:
Som eit kjærkome pust: Bondens Marked er begynt å bli tilgjengeleg i stadig fleire delar av landet - JIIPPII!! :-) For oss nordfjordingar er så langt det næraste Bondens Marked i Ørsta - oversikt over tider her (i skrivande stund er neste moglegheit laurdag - om 4 dagar). Forøvrig i landet - finn ditt lokallag her. For dei som ikkje har lett tilgong til verken butikk eller Bondens Marked, finst der likevel moglegheiter, m.a. hos Duggurd der ein kan bestille/abonnere på økologisk kjøt og vilt.
Velg lokalprodusert, etisk, bærekraftig og reint når du velgjer ut mat til deg og dine <3
Etter 1 1/2 mnd tørketid er såpa klar til innpakking
Såpa er 100% heimelaga - av kokosolje, lut og tilsetjing av økologiske ingrediensar alt etter ønskje. Såpa eg pakka i dag er lett eksfolierande ("skrubb"), skummar rikt og mjukt og har ei varm lukt av ekte Ceylon kanel, kaffi, lavendel, mandarin og sitronskal - alt økologisk.
Eg vaks opp med såpestykket - der var ca 4 typar og dett var dett - trengde ein meir nei? -reine vart hendene og kroppen og det var målet. Sunlight-såpestykket blir forresten kalt "verdas eldste merkevare" og mange svergar framleis til denne både til oppvask, klesvask og reingjering og finst i butikkhyllene den dag i dag.
Etterkvart, ein gong rundt '80-talet?, kom ei nyskaping - aller først i heimane til dei som hadde litt ekstra å rutte med: flytande såpe på pumpeflaske! Bakgrunnen for slik flytande såpe i følgje produsentane, var at det var uhygienisk at alle brukte det same såpestykket til å vaske meir eller mindre ureine hender og kropp. Eit byrjande bakteppe for bakteriofobi var dermed lagt.
Såpestykka forsvant ned i ei lita krå i butikkhyllene samtidig som pumpeflaskesåpene kom for fullt i handelen: hyllemetervis med såper som er tilsette kjemisk lukt som etterliknar alt frå fri natur til godteri. Nokon er uttynna, andre konsentrerte. Mange spelar på den etterkvart fastgrodde bakteriofobien og lovar å vere bakteriedrepande (NB! slike hand-/oppvasksåper bør ein ikkje bruke!). Felles for alle er først og fremst tre ting: dei er mykje dyrare i bruk enn det gode gamle såpestykket, dei forureinar meir pga overforbruk/-dosering og emballasje, og dei fleste inneheld potensielt skadelege kjemikaliar som er tilsette for haldbarheit, farge, lukt og funksjon. Som i hudkrem og anna kosmetikk kan det vi vaskar kropp, hår og hender med, takast opp i huda og kroppen og forårsake helseplager, umiddelbart og/eller på sikt.
Prosessen som skjer når feitt av ulike typar reagerer med lut, kallar ein forsåpning. Feittet blir då omdanna til glyserol og feittsyresalt. Lut kan ein lage ved å blande oske og vatn. I gammal tid då dei brende offerdyr til gudane på bål og sløkte bålet med vatn, vart såpe dermed så og seie eit biprodukt av tilbedinga.
Vel --- det var ein liten digresjon. Over til såpa si funksjon:
Såpe fungerer som ein emulgator, slik at feitt og "skit" som ikkje er vassløyselege binder seg til mikroskopiske dråpar i emulsjonsvæske = den eine væska blir fordelt som mikroskopiske dråpar i den andre. Når ein såpar seg inn, blir feittet og skiten ein del av denne emulsjonen, og let seg lett skylle vekk med vatn.
Samtidig som pumpeflaskesåpeprodusentane tener store pengar, viser nyare forskning at det gamle gode såpestykket muligens ikkje er så uhygienisk likevel: emulsjon er emulsjon og bakteriane forsvinner med vaskevatnet. Eit lite forsøk vart gjort ved å infisere såpestykke med m.a kolibakteriar:
“… soap bars were inoculated with E. coli and P. aeruginosa bacteria at levels 70 times as high as those reported on used soap bars. Then, 16 people were told to wash their hands as usual with the inoculated bars. “After washing, none of the 16 panelists had detectable levels of either test bacterium on their hands,” the researchers wrote. “These findings, along with other published reports, show that little hazard exists in routine handwashing with previously used soap bars and support the frequent use of soap and water for handwashing.”
Så - eg meinar vi trygt kan slå eit slag for det gamle, tradisjonsrike såpestykket og hente fram att kunsten å lage vår eiga såpe. Heimelaga såpe gir ein godfølelse - den er rein og ærleg, tilfører ikkje kroppen noko skadeleg. Og ikkje minst så er den over tid mykje billigare enn å nytte flytande såpe med alskens tilsetjingar.
Såpeproduksjon og forhåndsreglar
Der finst mange såpeoppskrifter å velge mellom, både i bøker og på nett. Før du startar såpeproduksjon frå botnen av, er der nokon forhåndsreglar du må ta.
Det virka skummelt å lage lut for såpeproduksjon, difor vart det berre med tanken i lange tider for min del. Men tek ein sine forhåndsreglar, så er prosessen grei. Når eg slurva med verneutstyret angra eg kjapt, for å seie det slik.
Først av alt: dette er "aleinetids-arbeid"; jobb aldri med lut når barn eller dyr er til stades. Pust aldri inn dampen frå lutvæska, og få den aldri på huda - lut er sterkt etsande og kan gjere stor skade. Bruk vernebriller, hanskar og maske, og bland luten under ventilator eller utandørs for å ha god lufttilgong. Ha alltid eddik for hand under arbeidet dersom uhell skulle oppstå - eddiken nøytraliserer og kan stoppe omfattande skader som luten elles kan gjere. Bruk òg eddik til å tørke over område der du har arbeidd med lut/rå såpe, for å unngå skader på møblar og utstyr. Bruk nøyaktige mål (digital kjøkenvekt), og reiskap av stål og silikon. Og etter produksjon: motstå freistinga til å prøve såpa før den er heilt ferdig - etter ca 6 veker. Tørketida er lang så det blir god tid til tommeltott-tvinning, men belønninga er at såpa blir mild og fin og gir eit rikt skum. Bevæpna med desse enkle reglane er du klar til å lage di eiga såpe - LYKKE TIL! :-)
Huda er vårt største organ, og den har ein viktig jobb å gjere med m.a å beskytte oss mot ytre påverknader som fysiske skader, giftstoffer, bakteriar og virus. Den gjer òg ein viktig jobb med å produsere D-vitamin: i huda blir kolesterol omdanna til D-vitamin ved eksponering for sollys.
I vår tid med enorme mengder forureining av alle slag har huda vår ein tøff jobb å gjere. Ikkje minst: dagleg utsetter vi sjølve huda vår meir eller mindre uforvarande for påkjenningar som absolutt ikkje er av det gode for resten av kroppen vår: kjemiske og hormonforstyrrande substansar frå kosmetikk.
Reklamane held kanskje kva dei lovar på utsida - men det som skjer innvendig når kroppen vår tek opp skadelege substansar, det er ei anna sak. Her kan du lese kva Kreftforeningen seier om skadelege/hormonforstyrrande stoff i kosmetikk/hudpleieprodukt, samt cocktaileffekten ved å tilføre kroppen mange ulike substansar som akkumulerer og påverkar både kvarandre og kroppen vår ved å forsterke eller svekke prosessar og funksjonar.
Men er det noka sak når ein kan lage sine eigne hudpleieprodukt?! - neiidda! :-D So kremproduksjon er det titt og ofte her i heimen. Resultatet er ein hudkrem så rein at du kan ete den, og som kan brukast av alle, frå små babyar til mannfolk - og til damer attpåtil. Den er nærande, naturleg antioksidant og vitaminrik, er ein ypparleg vinterkrem for baby-og småbarnshud,,, og alt anna godt ein hudkrem kan vere. Altso: den tilfører kroppen rett og slett berre gode ting.
Oppskrifter på hudkrem finner du enkelt på nettet og ingrediensane du trenger finner du på helsekostbutikken - om du ikkje allereie har dei i kjøkenskåpa. Velg økologiske, GMO-frie råvarer. Hovudingrediensane i min krem er kokosolje, bivoks, olivenolje og sheabutter - i tillegg tilsetter eg eteriske oljar etter ønskje. Lavendelkrem og appelsinkrem blir lett ein favoritt! :-)
Heimelaga kosmetikk er ferskvare og har ikkje så lang holdbarheit som dei som er tilsette parabener og andre syntetiske konserveringsmiddel. Dette er ikkje noko problem her i heimen - kremen er dryg i bruk men brukt som både ansikts-/hand-/kuldekrem samt for tørr hud generelt, går den kjapt nok unna til at holdbarheit ikkje er noko problem. Men om du vil, kan du evt tilsetje nokre dråpar E-vitamin for konservering.
Det er så lett å kjøpe alt det reklamen seier er lurt og greit, men det kan ha så mange uønska konsekvensar. Det er både moro og enkelt å lage sine eigne produkt med utgongspunkt i det ein finner i kjøkenskåpa - så fyll baderomsskåpa med gode "cocktailar" i staden for dei som potensielt kan skade, og ha ein glad vinter med sjøllaga, sunn og nærande hudkrem :-D
Det nærmar seg helg og november. Haustmørke og klokkeinnstilling til vintertid gjer at vi forlengst har begynt å krype i hus tidlegare om ettermiddagane enn vi heilt nettopp gjorde. Vi har nettopp slutta å vente på sommaren 2015 som stort sett glimra med sitt fråvær her til lands, og før vi veit ordet av det er julestria over oss. Dermed er det på tide å finne fram den gode mørketids-atmosfæra i heimen, og eg vil då gjerne anbefale god økologisk raudvin som lett kan akkompagnere god mat og/eller stearinlys (inspirasjon på sjøllaging av det kjem veldig snart!), saueskinn, dei gode samtalene med nære og kjære, fyr i omnen og alt det som gjer at den kalde årstida skal bli ei gjevandes og fin ei <3
Så - eg tok ei polferd i dag, og kom heim med fire raude vinar i prisklasse 'ok'- to franske og to spanske. Dei skal få lov å presentere seg nesten sjølv
Franske Rosso Piceno 2014 har lenge vore ein av favorittane, omtale her
Le Bio Balthazar 2013 er ein annan franskmann, du finner omtale her
Deretter følgjer to spanske som vart varmt anbefalt på Vinmonopolet:
Å velge økologisk framfor konvensjonelt produsert raudvin betyr først og fremst å velge vekk å innta sprøytemiddel som elles blir brukt hovudsakleg mot soppangrep på vindruene. Denne problematikken kan ein lese meir om her og her dersom ein har lyst å angre på det ein allereie har innteke av konvensjonelt produsert vin.
Men; framfor å angre kan ein alltid starte på ny frisk - det e mykje beire det! Så - prøv økologisk neste gong du er på polet, og nyt den dobbelt opp fordi det er reint, fermentert drikke som i edruelege mengder ikkje skal skade, og som gjer dei kalde vinterkveldane bittelitt varmare <3
Eg har kome ut av teljinga på kor mange gongar eg i akupunkturbehandlingssamanheng har fått denne lykkelige meldinga frå par som er ufrivilleg barnlause, no fekk eg gleda av å oppleve det igjen: "Vi er gravide!"
Det er fantastisk å oppleve at ein som behandlar kan bidra til så enorm glede som det er å gje par moglegheit til å få eit lenge etterlengta barn. I mange tilfelle blir akupunkturbehandling prøvd i siste instans, etter at alt anna har slege feil og dei vestlegmedisinske legane har gjeve dei opp. Mange har prøvd lenge, vore gjennom mange undersøkjingar og belastande hormonbehandlingar, IVF (in vitro fertilisering), håp og sorg om kvarandre. Men alt håp treng altså ikkje vere ute og etter mi meining burde kvalifisert akupunktør involverast på eit tidleg tidspunkt i behandlingssamanheng ved denne typen problemstilling.
<<<>>>
"It's hard to wait around for something
you know might never happen
but it's even harder to give up when you know it's
everything
you want."
<<<>>>
Iflg WHO (2013) er så mange som kvart fjerde par i industrialiserte land råka av ufrivilleg barnløyse. Årsakene til infertilitet kan vere mange, men løysinga på problema trenger ikkje vere komplisert. Ved sida av akupunkturbehandling bidreg akupunktøren din m.a med kostholds- og livsstilsråd. Ein gjengangar ved mange problemstillingar vi møter i klinikken, så også ved infertilitet/ufrivilleg barnløyse, er stress - vår tids folkesjukdom. Stress er ofte ein negativt påverkande faktor som forårsakar ubalansar og sjukdom. Akupunktur er ein fin behandlingsmetode for stressreduksjon og avspenning.
Akupunktur er ein trygg og god behandlingsmåte med høg suksessrate ved ufrivilleg barnløyse, både som enkeltståande behandlingsmetode samt i kombinasjon med hormon-/IVF-/annan type behandling.
Om du ønskjer meir informasjon eller er i ein situasjon der du lurer på om akupunkturbehandling kan vere noko for deg, ta kontakt med ein akupunktør som er godkjend av Akupunkturforeningen. Det er viktig at behandlaren du oppsøkjer har tilstrekkjeleg kunnskap og utdanning, oversikt over dei som er godkjende akupunktørar i Norge finner du her
Kort innlegg sånn på tampen av dagen for å sjå om eg får til fleire bloggfunksjonar (= film) - kjem tilbake litt meir utfyllande seinare.
Her er i alle fall: Eksplosivt sprudlandes vannkefir - sunnare enn brus og (nesten) bedre enn champis :-)
Vannkefir "lagar seg nesten sjøl", er probiotisk og kan tilsettast friske frukter eller fruktsaft alt ettersom, for å komponere sin egen favorittsmak. Kefirkorn formerer seg villig vekk hos dei som er drevne på kefirproduksjon, så for å komme igong med egen produksjon: få tak i hos en venn, søk opp interessesider på fb der du kan få tilsendt pr post, eller bestill på nett, f.eks på www.hjemmeriet.dk
So prøvar vi oss på blogging - liten enkel test i dag for å sjå om her er tilstrekkelig dataevne til å få til et innlegg. Om det funkar ok, vil her etterkvart kome litt om både det eine og det andre av det som ligger hjertet nært.
Etter jobb på Akupunkturklinikken i dag, var det raskt ut i "åkeren" (som i år er karmkasser og store blomsterkrukker) for å ta inn resten av årets poteter (økologiske, sjølvsagt). Dei vart sette seint og på begrensa med plass, så avlinga i år vart ikkje allverdens. Men dei vart sette i god jord med 12 år gammal kaldkompost, så kvaliteten er upåklagelig og dei toppar enkelt den kulinariske nytelsen som tilbehør til fisk rett frå havet eller mørt kjøt av vilt.
Min vesle hjelpingsmann er sjølskriven når det skal haustast:
Vekslingsjordbruk må det vere, sjøl på begrensa plass. Så når potetene var vel oppe av jorda, erstatta vi dei med løk og kvitløk til overvintring og neste års avling i karmkassene. Plass til anna godis er der òg - det er ikkje store plassen en trenger for å ha grønsaker til ganske mange måltid. Settepotetene skal få seg større åkerplass neste vår, og kome i jorda før 17.mai - kunnskap erverva av min kjære morfar etter at eg informerte om at eg var seint ute i år. Uansett - om dei er av varierande størrelse og noken nesten mikroskopiske: so kjekt med næringrike, reine skattar frå Moder Jord! Dei minste potetene blir vaska fint og putta i ildfast form sammen med gulrøter, kvitløk og anna snædder, en goood klatt meierismør, etpar klipp frå timian- og rosmarinduskane + himalayasalt og pepar. Hiver det i ovnen først med lok i 15 min eller so, deretter ei lita bræsing uten lok, og so er dei serveringsklare.
No skal no ikkje ditte her bli en matblogg, men sia potetopptaking var dagens dont so startar min bloggkarrière slik. Om eg i det heile teke får den ut på eteren - det klarar eg nesten ikkje å vente med å finne ut, så eg avsluttar no og so kjem eg sterkare tilbake med smått&stort frå mine allsidige dagar. Glad onsdagskveld til dokke alle :-)