Til kamp mot "mordersneglene"
Fjoråret var begredelig for dei fleste vekstane i pallekarmar og bed: brunsneglane hadde for alvor gjort sitt inntog. Vi plukka mordarsneglar seint og tidleg, men der kom til stadig nye - i hopetal. Grådige, slimete vesen reiste med både spirar etterkvart som dei kom opp, og det meste av det vesle som kom så langt som til å bere avling.
Gift i hagen er uaktuelt, så bekjemping måtte skje på anna vis. Etter å ha lest og fundert litt var planen for 2016-hagen klar: moskusender skulle til gards, for å beite ned og vekk sneglebestanden. Anskaffinga vart ein suksess og ei glede for både store og små; fuglane er fantastiske både som "kosedyr" og som flittige arbeidarar i hagen og vi anbefalar så gjerne å skaffe seg ender. For dei som vurderer det så er det greit å ha med seg litt info på vegen:
Moskusender er fredelige, kloke og menneskekjære skapningar, og når dei først har blitt gjort kjende med kva som er deira territorie så held dei seg stort sett innanfor der. "Så lenge dei får mat og ein plass å søkje ly for ver og vind, så blir du aldri kvitt dei". Men dei er utsette for rovdyrangrep både frå lufta (ørn, hønsehauk) og frå bakken (rev, mink). Så der må gjerast enkle tiltak for å ha ein plass dei kan søkje tryggheit og ly, og å legge seg for natta. Dei er òg hardføre og tåler temperaturar ned i -25 grader, berre dei har ein trekkfri stad å søkje ly. Der treng dei halm el anna eigna isolasjon - beina er eit svakt punkt som dei kan forfryse om dei ikkje har plass å søkje varme i sterk kulde.
Eit anna svakt punkt er augene: endene må alltid ha tilgong på reint vatn for å skylle hovud/auger, elles kan dei få augebetennelse som kan medføre blindheit.
Vi investerte i to trebur, hønsenetting og gjerdepålar og bygde med dette innhegning med to separate avdelingar for framtidig barselavdeling for andemor. Vi bygde innhegningane inn mot garasje som står på pålar i bakkant - så under garasjen kan endene òg finne seg trygt lite krypinn, beskytta mot vær og vind. Dei to bura plasserte vi rygg-mot-rygg midt i området for inngjerding, inntil kvarandre og med opning mellom som kan avdelast i periodar der ein treng 2 separate innhegningar. Fiskegarn for å beskytte mot luftangrep vart strekt frå gjerdet, over den største delen av innhegninga og eit gammalt plommetre, og montert med lekter inntil garasjeveggen . Den minste delen vart bygd som eit stort bur ca 1.90 m høgt. Store baljar med vatn plasserte vi ute og i innhegning, til drikke og bading.
4 ender fekk vi til gards: 2 hannar og 2 hoer. Dette vart litt bruduljer i hekketid, alfahann markerte seg sterkt og det vart ein del kiving. Så: ein andrik pr 2-3 ender er å anbefale.
Sommaren 2016 vart ein fryd på plenen: endene gjorde ein knalljobb med å renske tomta for sneglar og snegleegg, og etter ei tid fekk vi to kull andungar og hadde dermed plutseleg 22 ender på tunet. Andungar er imponerande sjølvstendige frå det sekundet dei kjem ut av egget og andemor setter dei rett i arbeid med å lære seg å finne frø og anna mat på eiga hand. I tillegg gav vi dei konstant tilgong til oppbløytte havregryn første tida, samt brødskalkar oppbløytte i vatn. Og sjølvsagt drikkevatn.Det er viktig å merke seg at små andungar kan drukne. Første dagane etter klekking skal dei ikkje bade, deretter under oppsyn og alltid sikre at dei har moglegheit til å kome seg ut av "badefatet" (første dagane var frisbee stort nok plaske-/drikkebasseng for dei små her). Størrelsen på "badekaret" auka vi etterkvart, og bygde opp med stein i botnen og opp mot kanten av plastfatet dei bada i for at dei enkelt skulle kome seg opp igjen.
I utgongspunktet seiest det at andungar kan takast ifrå mor allereie rett etter klekking. Men tida saman med andemor er viktig for at andungane skal lære seg å finne mat sjølv samt for varme om nettene og på kalde dagar. Det er mykje arbeid med småtassar som ikkje har andemor med seg - dei må dei første vekene då bu innomhus/med varmelampe for varmen si skuld, og lære seg å finne mat utomhus på eiga hand. Så det anbefalast å la andungane få nok tid ilag med andemor til å bli best mogleg rusta til å klare seg ute i den store verda på eiga hand.
Dei første 5 vekene lot vi andemor gå i innhegning åleine med ungane sine. Etterkvart kan andefar få helse på
under oppsyn - han kan ved uhell eller med vilje kome til å skade ungane, så introduksjonen må skje gradvis.
Etterkvart som dei veks så utviklar andungane dun og fjør samt feittisolerande "impregnering". Dei veks fort, og når ungane var 5 veker gamle selde vi dei første. Ender er flokkdyr og skal aldri vere aleine så dei reiste minst 2 ilag til kvar kjøpar. Og ein må aldri ta ifrå andemor
alle ungane - då vil ho rett og slett kunne sørgje seg i hjel.
Frå ca 8 vekers alder vil ein sjå at andemor begynner å trekkje seg vekk frå ungane og overlate dei gradvis meir til seg sjølv. Så lenge vi såg det var naturleg for henne å halde ungane nær, let vi henne beholde minst ein unge.
Etterkvart som andungane vart store nok fekk dei slippe ut og gå fritt på plenen heile dagane saman med dei vaksne endene. Litt kiving kan der vere til å begynne med, inntil rangordninga er spikra. Så vi følgde med og gjorde også denne introduksjonen gradvis.
Når skumringa nærmar seg går endene inn igjen i innhegninga sjølv, for å få kveldsmaten sin og gå til ro for natta. Kveldsmåltidet har her i tillegg til brødskalkar vore kalsiumfattig øko kraftfôr frå Norgesfôr, mange brukar
Oppdrett Lett frå Felleskjøpet. Økologisk kraftfôr er absolutt å anbefale/etterspørje om din forhandlar ikkje lagerfører.
Ender skal ikkje ha mykje kalsium tilført gjennom fôret, men derimot ha tilgong til skjellsand som dei eter av ved behov. Vanleg sand eter dei ôg, dette har funksjon å oppretthalde normal funksjon i kråsen/for matmelting.
Alle våre sikkerheitstiltak til tross: èin ulykksalig gong vart døra til innhegninga ståande åpa om natta. Dagen etter oppdaga vi at snillaste, finaste andemor hadde blitt teken av rev. Så: om ein ikkje ser ein snurt av rovdyr, så luskar dei rundt i natta likevel. Og ender har dårleg nattesyn og er eit lett bytte om rovdyr kjem seg inn på soveplassen deira. Så sikre godt, og husk å lukke fuglane inne for natta.
Vi har beholdt to av ungane frå årets første kull. Dei vart klekte i midten av juni, og er no begynt å bli flygedyktige. Moro med herlige vesen som med jubel og glede kjem flygandes for å helse på oss når vi kjem ut, eller heim frå jobb. Mange velger å vingeklippe endene sine for å sikre at dei ikkje flyg vekk. Dette er ein smertefri prosess der 10 av flygefjærene blir klipte ytterst på vinga på eine sida. Endene får då skeivfordeling av vekt når dei prøvar å lette, og blir ikkje i stand til å flyge. Etter myting (skifter fjørdrakt) vil desse fjørene vekse ut igjen så prosessen må gjentakast om ønskjeleg. Bakdelen med vingeklipping er at endene blir lettare bytte for rovdyr, ved at dei ikkje lenger er i stand til å flyge vekk frå trusselen.
Her velgjer vi imidlertid å la endene få behalde fjørene sine. Vi gjev dei tilgong til mat og husly, og det er fint å vite at dei er frie dyr som er her fordi dei ønskjer å vere her. Slik veit vi at dei trivst like godt med oss som vi gjer med dei :-)