fredag 21. oktober 2016

Verdens beste pannekaker

I dag vart det latmanns-/luksusversjonen av pannekaker til lunsj: pannekaker med lettsalta flesk av frilandsgris <3


Pannekaker:

4 egg
4 ss rårørsukker
1 ts himalayasalt
1 ltr øko heilmjølk
Øko kveitemjøl til passe konsistens (litt tynnare enn vaffelrøre)
 
Pisk lett i hop egg, sukker og salt. Ha i mjølk og mjøl om kvarandre, til passe tynn konsistens på røra (den tjuknar litt når den kviler).
 
La røra kvile ei stund, gjerne i 1-2 timar.
 
Steik i meierismør på steikepanne av jern eller stål (teflon, aluminium og svart plast tiltenkt å røre i mat med, er forbudt på kjøkenet!). Tilbehør t.d flesk, bacon, tyttebær-/blåbærsyltetøy, tomatsuppe med egg i...der er minestronesuppe vår klare favoritt.


~~~~~~~~



I dag vart det som sagt latmannsversjonen - då steikte eg 8-10 fleskeskiver i meierismør (ja riktig! -riktig feitt er viktig næring, her brukar vi meierismør til å steike flesket i òg). Når flesket var fint steikt, helte eg over ein røredose passandes for ei tjukk pannekake.







 Pga salt hadde flesket svidd litt ned i gryta, og pannekaka vart hengande litt fast og rivna litt ved snuing. Den ferdige lunsjen ser dermed slik ut:

Pannekakekræsj

 
Utsjånad til tross - akk so nydelig i-full-fart-lunsj! :-D


Ta deg tid til å skylle panna rein før du legger på flesket m/feitt igjen og heller over røre til pannekake, så slipper du at det henger seg fast og tjangsen for å få ei heil pannekake blir større.


~~~~~~~~~~

Å kjøpe heilt slakt av frilandsgris og tilberede sjølv, er noko av det luraste eg har gjort i år. Endelig fikk eg oppleve smaken av flesk slik det smakte då eg var barn - før alle kommersielle fôr vart putta i dyra for å oppnå slaktevekt kjappast mulig; kvantitetsvekt framfor kvalitetsvekt gjev ikkje i nærheita av same smaken som det ein kjøper på butikken; den grisen som har levd eit lykkelig liv i det fri, gravd etter røtter og fått bevega seg fritt, dèt gjev det absolutt sunnaste og beste kjøtet.


Frå gammalt av: grisen må slaktast i veksande måne for at ikkje flesket skal forsvinne i panna. Min gris har nok vore slakta akkurat på rett tid, for her krympar  i alle fall ikkje middagen framfor augene. Perfekt! :-)
 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar