onsdag 19. oktober 2016

Pasta - heimelaga

  Pasta



Å lage pasta sjølv er enklare enn å gå på butikken og kjøpe det.

 

Du trenger:

5 egg
500 g kveitemjøl
1 ts (himalaya-)salt


Elt ihop, og la deiga kvile i tett beholdar i 30 min.




Elt ihop egg, salt og kveitemjøl






La deiga kvile i skål med tett lok i 30 min.
Eg prøvar å unngå å bruke plast, men denne gongen vart
ein brødpose nytta til kvilepause for deiga..




Lag pastaplater, tagliatelle eller spaghetti i pastamaskina - køyr deiga igjennom gjennom fleire gongar og få leiven gradvis mindre tjukk.
Om du ikkje har pastamaskin: pastaplater og tagliatelle kan ein kjevle ut og skjære til med pizzahjul Deiga er forøvrig litt hard og kan vere vanskelig å kjevle ut, så pastamaskin er å anbefale.




Køyr deiga gjennom pastamaskin til den er passe tynn
(eg startar på trinn 7, endar opp på trinn 3).



Koking av pasta/tagliatelle:

Pasta må ikkje koke for lenge, då blir den lim-/grautaktig.

Kok opp rikelig med vatn tilsett salt (1/2-1 ss salt pr liter vatn).
Legg i pastaen, kok utan lok. 
Koketid varierer veldig mht type pasta, så hold deg ved gryta
 dei få minutta det tek, og sjekk undervegs.
Eksempelvis: tagliatelle er klar til servering etter 4-5 minutt koketid.




~~~~~~~~~~~~~~~~



Restemiddag med pasta: Lasagne


Gårsdagens middag var kjempekjapp "ihophiving" av smårestar frå helgamiddagane. Frysar og spiskammers er fullt av gode matvarer og kjøt av frilandsgris, hjort og høglandsfe - ekte og rein mat frå dyr som har hatt eit godt og fritt liv. Middagsrestar av slikt ville vere helligbrøde å hive i søpla, så her kastar vi ingenting - vi nyttar alt.
Med det som utgongspunkt så rydda eg kjøleskåpa for å lage middag i dag:


1) Pizza-/pastasaus-rest etter laurdagspizzaen  +  etpar kjøttkaker frå fredagsmiddagen vart putta i gryte. Tilsatte hakka øko tomatar samt chili og jalapeno frå plantane i mitt Lille Gartneri.
2) Kvit saus med muskat og 5-6 skiver øko kvitost.
3) Pastaplater, rå - rett frå pastamaskina.
Legg i form: Kjøtsaus, pastaplater og kvit saus lagvis - og ost på toppen.
175 grader C i ca 20-30 min.


175 grader C, 20-30 min



~~~~



Resultatet vart knallgod lasagne - kjapt, enkelt og greit! :-D
Lasagne, 100% heimelaga



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar