Prosjekt druedyrking i oktober
Druedyrking er fullt mulig i Norge og det er både spennande, moro og lønsamt med kvar einaste etandes vekst ein får til å dyrke sjølv. Oktober er kanskje litt feil tid på året å enkelt få ny-vekstar til å etablere seg. Men med kunnskap om at drueplantar må gjennom periode med kaldt vær for å spire og vitandes om at vi har hatt nokre frostnetter no: eg prøvar meg - med friskt mot, mange stiklingar, og stova som drivhus med vekstlys frå Den Lille Gartner! :-)
Eg startar med to lange greiner fra drueplante, dermed anlegg for mange nye druestokkar. Den idèelle stikling er blyanttjukk, ca 25 cm lang, har 2- 3 knoppar og er veda med frisk grønfarge innanfor borken. Eg klipper stiklingane i lengder frå like under den nederste knoppen og cirka 1 cm over den øverste knoppen, og plasserer dei i vatn eller direkte i fuktig jord.
Etableringstempo vil variere med temperatur, i utg.pkt seiest det at knoppane vil bryte etter ca 2 veker og røtene vil vise seg 2 veker etter det igjen. Om ein plasserer stiklingbeholdarane på varmekablar el.l.som gjev ca 27-28 grader til jorda/vatnet, vil ein kunne oppnå større suksessrate ved at ein får plantane til å slå røter før knoppane brest. Stiklingar i vatn kan omplantast til jord når røtene begynner å bli godt synlige.
Spennande framover hausten, oppdatering om framgong/fiasko på denne fronten kjem i.l.a 2-4 veker - og utover vår, sommar og haust '17 :-)
Spennande :) :) Håpa du får det til----dette må bli god frukt <3
SvarSlettHåpar på hell&lykke, i så fall har eg til å dele med fleire etterkvart :-)druene smakar godteri seier minstemann, så det blir nok ikkje vin av første avling i hvert fall :-)
SvarSlett