Som tilbehør til pannekakene mine er minestronesuppe ein klar favoritt. Enkel å lage, og så god!
Økologiske ingrediensar:
2 ss meierismør
1 løk
2 fedd kvitløk
400 g hakka tomat
2 gulrøter
3 poteter
1 raud paprika
1 grøn paprika
2 stenger selleri
1/2 raud chili
7-8 dl vatn
2 terningar grønsaksbuljong el 1-2 ss buljong i pulverform
salt&pepar
fersk persille på toppen
(evt litt pasta i eller ved sida av, eller smør& heimebaka loff om suppa ikkje skal vere tilbehør til anna, som t.d pannekaker)
Om du ikkje har alle ingrediensane så bruk det du har, ikkje noko problem om ein sløyfar ein paprika eller erstattar den med noko anna av grønnsaker.
Surr løken i smøret ei lita stund mens du skjærer dei andre ingrediensane opp i terningar og finhakkar chili.
Putt alt i gryta og la koke inntil alt er mørt, ca 10 min.
Servèr og nyt! :-)
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar