Framdrift i vinduskarmen:
Dag 6: drue-stiklingane eg plasserte i vatn har begynt å sende ut små søte slyngtrådar som dei skal klatre seg avgårde med. Små nye blad er komne på mange av stiklingane. Ingen teikn til røter endå, men håpet er lysegrønt og dagane spennande :-)
Litt meir om druer og druedyrking:
Druedyrking er lite utbreidd i landet vårt, trass i at Norge skal vere idèellt for dette. Lange, lyse sommardagar samt kalde vintrar og kjølige somrar, knekkjer sopp og skadedyr med hard hand.
Dyrkingsmåtar:
- Frilandsdyrkning er mogleg nokon plassar i Norge. Plantane må då plasserast solfylt, aller helst i sydvendt vegg.
- Drivhusdyrking er det vanlege – enten i spann i drivhuset eller direkte i jorda i drivhusbotnen.
Ved dyrking i spann er det lurt å flytte planten inn i kjellar for frostfri overvintring; temperatur under 15-20 minusgrader kan ta knekkjen på drueplanten om røtene står uisolerte i spann.
- Golvareal foran eit lyst vindauge i hus/leilighet er òg ein type drivhusprosjekt, slik det no blir gjort eit forsøk på her i heimen.
^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^
Eg var heldig å få stiklingar frå veletablerte drueplantar. Det seiest at ein òg kan ta stiklingar frå drueklasar kjøpt i butikk. Leit deg då fram til klasane med dei tjukkaste stenglane og følg deretter prosedyra i innlegg "Prosjekt druedyrking i oktober".
Det tek ca. tre månader frå fruktklasar er sette til haustinga kan begynne.
Kort om druer:
- Sidan førhistorisk tid har druer blitt dyrka i Egypt og Vest-Asia. Dyrking av vindruer spreidde seg fra Den Fruktbare Halvmåne (i Midt-Østen) og Svartehavet til Middelhavet og Romerriket i tidleg historisk tid. Dei fleste druesortar kjem opprinneleg frå Italia, Sicilia og Middelhavet
- Av drueplantar finst der i Asia/Amerika 60 artar, og gjennom krysningar har ein dyrka fram titusenvis av druesortar/hybridar.
- Ekte vinranke, Vitis vinifera, er den klassiske europeiske vindruearten.
- Over 50 millionar tonn druer produserast årleg, 80% av desse går til vin.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar