Bokashikompost
Med eit reint og sprøytemiddelgiftfritt kosthold så blir kjøkenavfall som potetskrell og bein frå kotelettane òg til gullandes reint, næringsrikt og giftfritt avfall. Så derfor: i staden for å hive matrestar i dunken med brunt lokk, resirkulerar vi potet-/frukt- og grønnsaksskrell, kjøt- og fiskebein gjennom bokashi-kompostering. Vi lagar med det vår eigen uovertreffelig energirike superkompost der vi fører næring tilbake til jorda slik at det på nytt kan gi næring til ny sesong med spiring, vekst og avling - frå det som kom frå jorda, tilbake til jorda, i si like reine form.
Kompost av sprøytemiddelfrie, GMO-frie, naturlege og reine matvarer: grav den rett ned i jorda, urtebedet eller i pallekarmane der du dyrkar litt sjølv. |
Fisken vi eter kjem rett frå storhavet. Kjøtet er hjort, høglandsfe, and og frilandsgris - alle frie, viltbeitande dyr. Vi dyrkar litt sjølv av det vi treng av grønnsaker, urter og frukt - i bed, pallekarmar, vinduskarmar og på friland (mesteparten av frø kjøper eg her), og kjøper resten av det vi trenger frå økologisk grønnsaks-/potetbonde. Tilliks med oss menneske: veksande plantar trenger rein og optimal næring for å blomstre og gje frukter. Manglande næring gir skrale plantar og lite eller inga frukt. Som med oss menneske.
Cherrytomatane som voks i bokashijord vart dei desidert største i år. |
Bokashikompostering gjer at ein etter 4-8 veker har omdanna matavfall til næringsrik jord som er klar til å såast i og gje ny grøde. Bokashivæske blir brukt som flytande gjødsel til plantar i potter, krukker og bed. Slik nyttar vi det vi allereie har i hus, som eit miljøvenleg alternativ til butikkjøpt plantegjødsel, blomsterjord, veksttorv (der utvinninga utarmar verdifullt myrlandskap) og kugjødselkompost (frå kyr fôra på kraftfôr med genmanipulert soya-og mais, samt tørr-/våtfôr med glyfosatrestar). Å sende avgårde matavfall for offentleg kompostering for deretter å gå på butikken og kjøpe jord i sekkar er ved ettertanke ein absurditet, og blir i alle fall overflødig ved bokashikompostering. Det blir dunken med brunt lok òg - den kan returnerast til renovasjonsselskapet og ein får dermed redusert miljøavfallsavgift.
Bokashikompostering anbefalast på det varmaste - det er enkelt, miljøvenleg og kostnadsbesparande. Du får kjøpt den her.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar