Graskar
Så fantastisk at det her.... |
...kan bli til det her..... |
...som blir til det her.... |
...og det her: nok frø til fleire hundre nye graskar! “The world has enough for everyone's need, but not enough for everyone's greed.” - Mahatma Gandhi- |
Eitt einaste graskarfrø er eit enkelt bilde på at jorda gir rikelig til oss alle, berre vi tek vare på matjorda og areala maten vår skal dyrkast i og på!
~~~~~~~~~~~~~~
Graskar er ein artig ting, som kan bli inntil 20-30 kg. I år prøvde eg meg på dette for første gong.
Eg planta mange frø (økologiske&non-GMO sjølsagt) frå Solhatt inne i februar. Dei unge plantane vil ha varme og er vâre for kulde. At utålmodigheit ikkje lønner seg, det lærte eg då eg planta ut mange av småplantane for tidleg i mai. Så vent til den siste fara for frost er forbi, heilt i slutten av mai/begynnelsen av juni før du plantar graskar på friland.
Èin einaste av alle mine graskar-plantar overlevde - dette var den som hadde stått lengst og mest gøymt og gløymt innandørs, i etterkvart altfor lita potte. Den såg heler stusselig ut då eg planta den rett og slett på toppen av kaldkompostbingen, som eg hadde dekka med eit lag jord. Lenge såg det ut til at den ville "gå kruken", den siste planten òg. Eg overlot den mest til seg sjøl, berre skvetta litt vatn på den innimellom på dei varmaste og tørraste sommardagane --- takknemlige spiren var hardfør, for jammen tok den laust etterkvart:
Magi frå eitt einaste lite frø |
Tips: etterkvart som graskara veks kan det vere lurt å legge ein planke under kvar av dei, så dei ikkje blir liggande direkte på våt bakke.
Eg hausta graskaret når lyden begynner å høyrest "innhol" ut ved å banke på, og stilken på frukta (eller er det grønnsak? Underfane "Grønnsaker" -> "Fruktvekster" hos Solhatt ) har blitt kork-aktig. Det er viktig å få graskaravlinga i hus før første frosten kjem om hausten - eg hausta i medio september.
Graskar Gelber Zentner, 5,7 kilo |
I ca ein månad hadde eg denne skjønnheita liggande på stova, utan heilt å vite kva eg skulle finne på å gjere med den. Surfa og funderte litt, og omsider: til torsdagskaffien igår kokkelerte eg i hop kjempegode graskar-muffins - oppskrift følgjer.
Del graskaret i to |
Grav ut frøa med ei skei |
Bruk kjøkenmaskina til å lage purè av fruktkjøtet |
Frøa skyllast godt og rensast fri for fruktkjøt, deretter tørkast Tørke frø kan du gjere t.d i varmluftsomn, på reint klede på varmekablar (lang tørketid - ca 1 mnd. Vend tidvis i dei, så dei tørkar jamnt), el.l. Eg brukte dehydrator, Excalibur frå SanaBona, 40 grader inntil frøa er heilt tørre (~8 t). Frøa du vil så til våren igjen lagrar du tørt og frostfritt i papirpose. Resten kan du riste, bruke som snacks eller i matlaging. Graskar-skalet hamnar tilbake der det heile starta med eit lite frø - i kaldkompostbingen, der reint økologisk avfall går tilbake til naturen og dannar prima, gift-fri kompostjord for nye rundar med avling av alt slag. Ein god sirkel, der alt blir nytta :-) ....og SO var vi komne til oppskrifta på minstemann i huset sin favoritt: Graskarmuffins 250 g meierismør 2,5 dl rårørsukker 4 øko egg 6 dl økologisk kveitemjøl 3 ts øko vaniljeekstrakt (eg brukte 1 toppa ts av denne) 2 ts øko bakepulver (eg brukar denne) 1/4 ts natron 1/2 ts himalayasalt 1/2 ts øko muskat 1 ts øko kanel (helst Ceylon-kanel) 3,2 dl øko heilmjølk 3,2 dl øko graskarpurè Pisk smør&sukker kvitt. Deretter piskar du i egga, eitt for eitt. Bland i dei tørre ingrediensane vekselvis med graskarpurè og mjølk - start og avslutt med det tørre. Fyll muffinsformer 2/3 fulle, og steik i varmluftsomn v/ 200 C i ca 15 min. (Valgfritt- Muffins Donut Style: bland 2,5 dl rårørsukker, 4 ts kanel, 1/2 ts muskat. Når muffinsane har avkjølt seg litt, pensle dei med meierismør og rull dei i sukker-/krydderblandinga. Yummi!) Vel bekomme! |
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar