tirsdag 20. desember 2016

Vi lagar lys av bivoks

Bivokslys


I år som i fjor: på tidleg førjulsmorgonkvist hadde minstemann&mamma 
bitteliten juleverkstad før skule og jobb: vi lagde bivokslys.

Enkelt og koselig både for små og store hender.

<3


Kjekt å lage, miljøvenleg og i motsetnad til vanlege stearinlys så inneheld bivoks ikkje petroleumsprodukt som forureinar innelufta og kan vere skadeleg. Bivokslys derimot, forårsakar ikkje skadeleg forureining.  Dei er karbonnøytrale og produserer ikkje sot, slik som vanlige stearinlys. I tillegg renser honninglys lufta og gjev eit betre inneklima.



Bivoksplater, lys-veik, skarp kniv, saks, skjærefjøl
 og ein linjal er alt som trengs.



Vi måler oss 6 cm opp på sidene og skråskjærer bivoksplatene.




Vi klipper til lengda på veiken i forhold til lengda på
bivoksplatene, og rullar opp plata rundt denne.



...og vips, så har vi bivokslys, som kan pakkast inn og gjevast vekk
 som eigenprodusert gåve laga av små barnehender ...




...eller til førjulsstemning ved frokostbordet
før skuletid  <3


Dokke òg rekker å lage fine, naturleg godluktande julepresang-lys
om dokke går på hobbybutikken og kjøper bivoksplater idag :-)

Ellers kan dei bestillast frå Honningcentralen.



<3





Kjelder:

http://www.dinside.no/bolig/advarer-mot-disse-lysene/61953348

https://www.fhi.no/nyheter/2010/mulig-helserisiko-ved-bruk-av-stear/

mandag 19. desember 2016

Litt om rakfisk, akevitt og vitamin K2

Rakfisk, akevitt og vitamin K2



Jula bringer med seg næringsrik og herlig tradisjonsmat. Mykje av det er såre enkelt og kjapt å lage - som rakfisk. Om du i tillegg til rakfisk har nokre kalde poteter, fiskelefser, seterrømme, rå løkringar og godt meierismør - ja då har du alt du trenger til eit herremåltid. Og  i jula så kan ein gjerne unne seg ein liten klunk akevitt (sprøytemiddelfri, ja..) i glaset attåt:




Eg anbefalar då gjerne O.P. Anderson sin økologiske 
akevitt; mild, rund og god. Du finner den på polet.




Tilbake til rakfisken: Det er mykje snakk om vitamin K2 i media no for tida. Eg er ingen tilhengjar av syntetiske kosttilskot; eg meinar at ein i størst mogleg grad må ete rein og næringsrik mat for å dekkje næringsbehovet med naturlege vitaminar, mineralar, sporstoff etc. Det er slik vi menneske (og dyra) har overlevd og blitt sterkare gjennom evolusjonen: ved å ete næringsrik mat - ikkje ved å ete tablettar. 


I moderne jordbruk nyttar framleis altfor mange kunstig gjødsel og sprøytemiddel. Ikkje berre er desse potensielt kreftframkallande, dei fører òg til utarming av jorda samt redusert næringsopptak i matvekstar og dette går ut over både folk og fe i form av næringsbrist/mangelsjukdommar. 

Difor - til tross: pga langvarig utarming av jorda/mangelfull næring i fødevarer, så har mange menneske grader av (lett <-> alvorleg) næringsbrist. For å korrigere denne og unngå/evt behandle sjukdom, så vil eg likevel anbefale vitamin-/mineraltilskot i enkelte tilfelle, men då som tillegg til eit reint, sunt og riktig kosthold - ikkje som eit alternativ til sunn mat.


Ved å velge rein mat fri for kunstig gjødsel og sprøytemiddel (=økologisk) samt ved å fermentere ein del av maten din sjølv, kan du sikre/auke næringsopptak og med det kunne både førebyggje og behandle mangeltilstandar:

Rakfisk og vitamin K2:

Fermentert mat som rakfisk, gammalost o.a fermenterte ostar, kjøt, lever, natto (japansk), enkelte meieriprodukt, o.a typar fermentert/melkesyregjæra mat inneheld vitamin K2. Inkludèr difor veldig gjerne rakfisk og anna fermentert mat i jula sine tradisjonsrettar, for det kulinariske sin del - og for helsa sin del.

Vit K2 er eit feittløyseleg vitamin, som er vesentleg for sunn hjerte-/karfunksjon ved å gjere/halde karveggane smidige samt å hindre avleiringar på innsida av årane. 
Vit K2 er viktig for tilstrekkjeleg kalsiumopptak og er difor vesentleg for å sikre god beinhelse. 
Vit K2 spelar òg ei rolle i koaguleringsprosessane i blodet.

~~~~

Og akevitten - ja den inneheld fordøyingsfremjande karve og kan gjere godt attåt feit julemat. Og så er det litt ekstra stas over julebordet med en liten akevittklunk <3

~~~~


Druer til mat og vin: framdrifta på druefronten

Framdrift prosjekt druedyrking



I oktober sette eg stiklingar av drueplantar - korleis eg gjorde det kan du finne meir om her og her. Nokon sette eg direkte i jord, andre i vatn. Dei som vart sette i jord står ganske så brune og inntørka no og ser livlause ut, men pga årstida og at plantar faktisk har ein slags innebygd kalendar så vil eg avvente fram mot våren for å sjå om der spirer liv  - eller om dei må kasserast.

På dei stiklingane som vart sette i vatn: seint i november var der begynt å kome små røter - hurraaa! :-D desse viste seg imidlertid å vere svært skjøre og knakk lett av om ein kom borti dei. Eg gav dei litt ekstra tid før eg planta dei på mest skånsomme vis i lett jord, og heldt denne konstant fuktig i håp om at stiklingane skulle finne rotfeste.
Dei står forøvrig brune og stusselige dei stiklingane òg no. Så der òg; våren vil fortelje meir om korleis dette går.

Eg hadde igrunn skrinlagt håpet om at dette skulle bli noke suksess no på feil "stiklingtid av planteåret", og bestemt meg for at eg vil gjere nytt forsøk med nye stiklingar på den riktige årstida - våren. Men hva skuer mitt øye; den aller siste stiklingen som vart sett i vatn i oktober, viser no små fine rot-emner. Nok ein gong spirer håpet <3 Eg skal la den stå i vatn ei stund framover endå, for om mogleg å få eit sterkare rotgrunnlag før overflytting til jord. 

Og neste gong eg setter stiklingar, skal eg bruke aloe vera på kutt-staden på alle stiklingar. Det gjorde eg ikkje i haust. Er lurt å gjere skikkelig arbeid når ein først balar med det, for å få høgast mulig suksessrate :-)

~~~~~~

Mandelflarn

Mandelflarn


Ei koselig dame frå Stryn sende meg denne oppskrifta, som eg lovde å teste ut og dele med andre her:

Eg bytte ut mjølk med kremfløyte, elles følgde eg oppskrifta til punkt og prikke.

Så utrulig enkle og kjappe å lage, og så himlandes gode! <3

Oppskrift:

200 g meierismør
200 g hakka mandlar
200 g rårørsukker
4 ss kveitemjøl
4 ss kremfløyte

~~~~

1) Bland alt i ei tjukkbotna stålgryte, og smelt over svak varme. 

2) La massa såvidt småkoke eitpar minutt, trekk deretter kjelen frå varmen.

3) Ikkje prøv å smake på kokvarm flarnmasse - det er brennhett! :-O

4) Sett på bakebrett med 2 teskeier, ikkje meir enn 6 kaker på kvart brett pga dei flytter veldig utover under steiking.

5) Ikkje få fingrane borti steikande kaker - det òg er brennhett! Om det mot formodning skjer likevel: splitt eit aloe-blad og legg på der du/eg har brent deg/meg.

6) Steikast ved 160 grader C i ca 10 minutt, inntil gyldenbrune.







søndag 18. desember 2016

Ribbelefser/fiskelefser

Ribbelefser/fiskelefser


1500 g poteter

150 g meierismør
1 dl seterrømme
2 dl kefir

2 ts (himalaya-)salt
ca 600 g kveitemjøl (evt byt ut litt av kveitemjølet med rug-/byggmjøl)


~~~~~~

Slik gjer du:


Kok potetene med skalet på. Skrell dei, og mal potetene 2 gongar i kvern; andre gongen i lag med smøret.

Tilsett øvrige ingrediensar, og la deiga kvile ei stund på kjølig plass 

Om du let deiga kvile lenge, vil potetene skilje ut vatn og deiga blir fuktig. Du treng då meir mjøl til utbakinga. 

Bruk rikeleg med mjøl (evt halvblanda kveitemjøl + semulegryn) til utbakinga.

Steik lefsene ved høg varme (men utan å svi dei). Om du steiker ved for svak varme vil lefsene bli tørre og sprø.

For å unngå at lefsene stivnar før du får bretta dei: gje dei fasong (brette tre gongar) med det same du tek dei av takka.

~~~~

Pepperkaker



Peparkaker

Peparkakedeig som ventar på utbaking :-)

150 g meierismør 
2 dl rårørsukker 
2 dl sirup 
2 ts kanel 
2 ts ingefær 
1/2 ts nellik 
1 ts kardemomme 
2 dl kremfløyte + 1 dl vatn
2 ts natron 
1 egg
ca 1 kg kveitemjøl 


~~~~~~

Slik gjer du:


1) Smelt sirup, sukker og smør over svak varme. 

2) Rør inn krydderet.

3) Rør inn fløyte+vatn og egg.

4) Avkjøl.

5) Rør inn natron og kveitemjøl, inntil god deigkonsistens.

6) La deiga kvile i kjøleskåp ca 1 døgn (står seg godt 3-4 døgn i kjøleskåp).

7) Elt deiga smidig, kjevle ut og trykk ut figurar med pepperkakeformer.

8) Steikast midt i omnen ved 175 grader C i 12-15 min.





Loff, horn, rundstykker

Fin gjærbakst: horn, rundstykker, loff


800 g kveitemjøl
5 dl vatn + heilmjølk (alt. kremfløyte)
2 egg
2 ts rårørsukker
120 g meierismør
1 ts eplecidereddik (kan sløyfast)
litt gjær


Bland alt, køyr det kraftig ihop i kjøkenmaskina. Hev til dobbelt størrelse. (Eg kaldhevar, dvs eg eltar ihop deig med kald væske og minimalt med gjær på morgonkvisten. Eltar den ihop no og då i.l.a dagen innimellom handleturar/jobb og sånne gjeremål, og så bakar eg ut, etterhever og steiker på kveldstid.)
 ~~~~

Horn (ca 16 stk) : Kjevle ut stor rund leiv, skjær til snippar med t.d pizzahjul og rull ihop til horn.

Loff: fordel deiga i 2 brødformer, eller del i 6 emner som trillast til pølser og flettast ihop til 2 x fletteloff. Eller fordel deiga i 2 brødformer for "vanleg" loff.

Rundstykker: del inn i 16 emner, bak ut bollar som du triller til avlang form.

~~~~

 Etterhev - pensle med egg - strø med valmuefrø.

~~~~

Horn & rundstykker: 200 grader C i 10-15 min
Loff: 175 grader C ca 45 min.

~~~~

fredag 16. desember 2016

Forskning: Om månen vår - og om søvnvansker ved fullmåne

Månen ( Lat. Luna)


Jordens måne kretser rundt jordkloden vår (Tellus) i bundet rotasjon, og er den største naturlige satelllitten tilhørende en planet i solsystemet med en diameter tilsvarende 1/4 og en masse tilsvarende 1/81 av jordens. Vår måne er den nest mest kompakte månen i solsystemet etter en av Jupiters måner, Io.

Månens gravitasjonelle kraft påvirker blant annet sykluser i naturen, dyre- og menneskeriket, været/mengden av nedbør, minuttforlengelse av dagen, samt påvirker tidevannet; flo og fjære skapes ved at månen og solen med sine tyngdekrefter trekker havet imot seg 

~~~~


Kalenderåret



Det er solen vi regner vår kalender ut ifra (med ett unntak som styres av månen: påskehøytiden - og dermed også Kristi Himmelfart, fastelavnssøndag og pinse. Påskesøndag faller alltid på første søndag etter første fullmåne etter vårjevndøgn.)

Månen kretser rundt jordkloden og bruker gjennomsnittlig 27, 322 døgn på èn runde. Månen skal også ta igjen en "forsinkelse" på ca 2 døgn ifht solen, det varierer dermed mellom 29,272 og 29,833 døgn mellom hver fullmåne.

Normalt sett er det 12 fullmåner i løpet av ett år. Men pga forskjellene i månesyklusene og solåret vil der hvert 2. eller 3. år bli en kalendermåned som får 2 fullmåner. 

Sol- og måneformørkelser er fenomener som gjentar seg periodisk i tidsintervaller på ca 6 585,3 dager (18 år 11 dager 8 timer), beskrevet i saros-syklusen. 



Månen og dens sykluser


Månefasene kan deles i fire hovedfaser. Tiden mellom de fire hovedfasene varierer fra 6,5 til 8,2 døgn, gjennomsnittlig 7,3 døgn. Denne variasjonen kommer av at månebanen er skråstilt 5 grader i forhold til jordens bane, samt at månebanen ikke er helt jevn.

Månen er i bundet rotasjon med jordkloden = den har alltid samme side vendt mot jorden.


~~~~

Nymåne (markeres med svart måne i almanakken) :På denne tiden er månen mellom jorda og sola og ligger i skygge slik at den normalt ikke kan sees. Ved nymåne står månen opp ved soloppgang og går ned ved solnedgang. (Ved fullmåne er det omvendt.) Skal vi se månen ved nymånetid må vi se etter den rett før soloppgang eller rett etter solnedgang, da den kan sees som en tynn sigd. Stigende måne = måne i ny.

Nymånen markerer starten på en ny syklus, og perioden fra nymåne skal være en fin tid for å starte med nye ting; et nytt prosjekt eller omlegging av vaner. Julegrisen skal slaktes i voksende måne, ellers vil flesket forsvinne i panna, sier historien.


Stigende måne - måne i ny = perioden fra nymåne til halvmåne.  I ny er månen ofte synlig på dagtid. Solformørkelser skjer alltid ved nymåne, når månen passerer mellom jorda og sola. Måne i ny: tid for utvikling og vekst.


Ny halvmåne - første kvarter (markeres med halvparten svart, halvparten hvit i almanakken): månen er nå øst for sola, og man kan se den høyre siden av månen opplyst, voksende mot fullmåne. Ny halvmåne står opp klokka 12, står høyest på himmelen kl 18 og kan tydelig sees på kveldshimmelen før den går ned ved midnatt.


Fullmåne: Jorda befinner seg mellom månen og sola og pga månen sin skrå bane ifht jorda så bades månesiden som vender mot oss om natten i sol, og gir oss en lysende fullmåne.

Noen få ganger hvert år oppstår hel eller delvis måneformørkelse. Disse skjer alltid ved fullmåne og er forårsaket av at jordens posisjon er mellom månen og sola og forhindrer sollyset i å treffe månen (skygger for sola), slik at månen helt eller delvis blir formørket av jordskyggen.

Ved fullmåne står månen opp ved solnedgang, står høyest på himmelen ved midnatt, og går ned ved soloppgang.

Fra folkefortellinger er mystikk og overtro knyttet til fullmånen; ved fullmåne kan mennesker forvandles til ulver. Men også vitenskapelige fakta dokumenterer at denne månefasen er potent: spontanfødsler skjer beviselig oftere ved fullmåne enn ellers i månesyklusen.

Avtagende måne – måne i ne: Etter fullmåne avtar månen. Det er nå venstre side av månen vi ser, og stadig mindre av den høyre. Ved avtagende måne sies kroppen å være på sitt sterkeste. Sår leges lettere og raskere, og operasjoner anbefales derfor ihht folketroen å planlegges til perioden når månen er i ne.


Halvmåne i ne - siste kvarter: En uke etter fullmåne, når det er halvmåne i ne (månen er i det siste kvarteret) står månen opp ved midnatt og du du ser nå venstre side av månen. Den er høyest på himmelen ved 06 om morgenen og går ned klokken 12. I denne perioden er månen klart synlig på morgenen.


~~~~~~


Gammel visdom og kjerringråd



- Ring rundt månen varsler om værskifte, snø eller annen nedbør.
- Statens Veivesen/Mesta skal ha registrert at fjellras forekommer oftest ved fjære sjø, og sjelden ved flo sjø.
- Fisken sies å bite best rundt fullmåne.
- Planter/ugress rives enklest opp av jorden ved flo sjø. Flere forteller om å ha prøvd å dra opp lupiner ved fjære sjø, men sliter dem da bare av over bakken. Om man venter til flo sjø, kan man dra dem opp så lett som ingenting.
- All barbering med høvel bør gjøres når sjøen flør.
- Man skal ikke så frø når månen er nedadgående - da blir det dårlig avling.
- Spontanfødsler skjer oftest ved fullmåne (bekreftet gjennom forskning).
- Baking når sjøen flør skal gi bedre bakverk.
- Alt som skal vokse bør gjøres under voksende måne; slakting og baking.
- Knivsliping og barbering bør gjøres på minkende måne.
- Ved halvmåne faller det mer regn enn ellers.
- ........


Forskning


Så mang en gang har jeg hørt om søvnvansker knyttet til fullmåne, dette var det som nå fikk meg til å dykke ned i forsknings - o.a artikler vedr månens innvirkning på oss mennesker. Folketroen forteller oss om mystikk knyttet til fullmånen, og det er gledelig å finne bekreftelse i moderne forskning på noen av fenomenene som varierer med månesyklusene. Det blir slått fast at månen påvirker oss mennesker. Selvsagt gjør den det - og på så mange områder! Mange av disse er ennå ikke klarlagt og det forskes videre.

I forskningsartikler fant jeg en forklaring på hvorfor netter med dårlig søvn ofte sammenfaller med fullmåne: forskning bekrefter at månefasene påvirker nivået av søvnhormonet melatonin. Graden av påvirkning varierer individuelt, slik at enkelte kan ha store søvnvansker ved fullmåne mens andre sover uforstyrret gjennom natten. Dette kan forklares i det fine samspillet i hormonsystemet og hormonenes sett å interagere med hverandre, f.eks melatonin ifht stresshormoner.

Tidvis vil enkelte beskrive melatoninnivået sitt som ganske så flatt/overkjørt, når fullmånenetter er veldig merkbare på søvnen. Og når de helt søvnløse nettene innimellom melder seg vet enkelte med sikkerhet at fullmånen står opp i øst; jeg leter etter å - om mulig - finne ytterligere forklaring fra vitenskapen på akkurat dèt fenomenet.




<I:o)

-T.





Kom gjerne med innspill/kunnskap/oppdagelser/myter og historier vedr fenomener relatert til  både denne saken, oppskrifter, funderinger og andre ting. Jeg mottar mange henvendelser og det gleder meg å høre fra dere. Det dere ønsker jeg skal ta med som innlegg eller videre inspirasjon, vil komme med her etterhvert, og det dere ikke vil ha offentliggjort holder jeg for meg selv :-)




Kilder:

http://forskning.no/menneskekroppen-sovn-biologi/2013/07/darlig-sovn-ved-fullmane

http://forskning.no/vaer-og-vind/2010/10/manens-faser-pavirker-regnet

http://forskning.no/rovdyr-evolusjon-zoologi/2011/07/loven-angriper-ved-fullmane

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/27580019

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/23891110


https://no.wikipedia.org/wiki/M%C3%A5nen

http://appalachianmagazine.com/2017/03/29/why-your-grandparents-would-plant-by-the-signs/

https://www.aktivioslo.no/artikkel/fullmane-fullmanen-er-vakker-og-mystisk/

torsdag 15. desember 2016

Julekaker: Sjakkruter

Sjakkruter


Sjakkruter

200 g meierismør
5 dl kveitemjøl
2 ½ dl melis
2 ts vaniljesukker
1 ss kakao



~~~~

1) 
Elt ihop mjøl, melis og meierismør til ei jamn deig.

2) Del deiga i to, der eine delen er litt større enn den andre. 

3) Kna vaniljesukker inn i den største delen og kakao inn i den minste delen.
Del kakaodeiga i fire emner og vaniljedeiga i fem emner. 


4) Rull kvart emne til jamne og like lange pølser, ca. 1,5 cm i diameter, og legg pølsene i sjakkrutemønster: nederste rad kvit + brun + kvit, midterste rad brun + kvit + brun, og øverste rad kvit + brun + kvit.










Du kan òg lage sjakkruter med fire pølser; to kvite og to brune, som du setter ihop.


5) Press pølsene lett ihop og form sidene rette ved å presse mot bordplata. Legg i tett boks og la deiga kvile i kjøleskåp i minst 30 minutt.



6) Sett omnen på 175 °C. 

Del "sjakkpølsa" i skiver på ca 0,5 cm med skarp kniv, legg kakene på brett og steik på midterste rille i 8-10 minutt. Kakene skal bli berre såvidt brune i kanten - då er dei ferdige.  Avkjøl på rist.







~~~~~

For variasjon kan du smakssetje med forskjellige krydder, nøtter eller likør. T.d kan du bruke marsipan eller appelsinlikør i kvit del, og malt ingefær eller kaffilikør i mørk del.







~~~~~~

Aloe Vera - dyrebar medisin. Dyrk den sjølv for endelaus tilgong.


Aloe Vera 


Aloe vera var eit velkjent legemiddel i Kina allereie 4000 år f.Kr. I det gamle Egypt vart aloe nytta m.a. mot håravfall, og legenda fortel at safta frå aloe-planten var Cleopatra sitt hemmelege skjønnheitsmiddel. 
Bladsafta inneheld komponentar med antibiotisk og smertestillande virkning og har god effekt på brannsår, eksem o.a hudskader/-problem samt for generell hudpleie. Geleen kan også brukast innvortes mot sår og betennelsar i slimhinner i mage-/tarmkanal. 


~~~~~~

Når ein har barn i hus er tilgong til aloe vera like nødvendig som plaster. Dyrk den unike planten sjølv så du har den for hand når du brått kan kome til å trenge den - noko som garantert kjem til å skje!

~~~~~~


Aloe Vera - eigenskapar:




- evne til å regenerere hudceller -> nyttig i tilfelle av t.d brannskader.
- er lettfordøyeleg og kan behandle t.d treg mage.
- godt eigna mot hudproblem og for regenerering av indre vev.
- naturleg smertestillande, utan bivirkningar.
- eliminerer sopp og virus.
- beskyttar og styrkjer immunsystemet vårt.
- svært god anti-inflammatorisk virkning.
- mangfoldig innehold av vitaminer og mineraler. vitaminar frå B-kompleksgruppa, tanninar, oljar, feittsyrer (oljesyre og linolsyre) og ei rekkje aminosyrer.
- ypperleg reingjeringsmiddel/desinfeksjonsmiddel.
- m.fl.




Frå Urtekilden: "Den klare geleen i bladene på aloe vera planten helbreder bemerkelsesverdig fort sår og forbrenninger, og er et nyttig førstehjelpsmiddel mot forbrenninger, hudavskrapninger, skoldinger og solforbrenninger. Geleen er nyttig ved alle hudlidelser som krever lindring og astringering, slik som sår, eksem og psoriasis, og den hjelper også til en viss grad mot åreknuter. Geleen kan dessuten brukes innvortes ved f.eks. magesår og irritabel mage. Et gult harpiksaktig stoff som finnes i de ytre klorofyllrike cellelagene på bladene er kjent som "bitter aloe". Det er et kraftig avføringsmiddel som virker ved at det får tykktarmen til å trekke seg sammen, noe som kan være nyttig ved kortvarige forstoppelser."






Førstehjelp ved uhell som glovarm kaffi på lita barnearm (aloe kan åleine behandle 1.-2.grads forbrenning - søk legehjelp ved alvorlegare skader) :

1) Fjern klesplagg over affisert område umiddelbart for å avgrense varmebelastninga mot huda og skyll området med rennande vatn under dusj/krane med lunka -> kjølig -> kaldt vatn. Dette for å kjappast mogleg stoppe varmespreiinga innover i vevet. 

2) Trykk tørr huda forsiktig med reint tøystykke. 
Trykk langs utsida av eit aloe-blad for å frigjere gelè/plantesaft på innsida, splitt bladet og smør aloe-gelè over det raude området på armen. Dekk affisert område med aloe-bladet for å behandle ved å holde fuktig mens klargjering av pkt 3): aloe-omslag: 

3) Skjær aloe vera-blad opp på langs og skrap av gelèen på innsida av bladet med ei skei. La bandasje/gasbind trekkje til seg gelè i rause mengder og plassèr deretter omslaget på det skada området.

4)  Til slutt dekke omslaget med plast, som vil hindre omslag/skade i å tørke ut. Dette sikrar at aloe-plantesaft trekkjer inn i huda og avgrensar skade, lindrar og beskytter samtidig som den helbredar.



~~~~~~

 Dette var på kveldstid, rett før leggetid for bitteliten mann. Frå å svi og vere veldig vondt, var det ved sovetid berre litt kløe på armen der liten gut hadde brent seg. Resultatet får vi sjå i morgon, men som så mange gonger før når eg har behandla små brannskader, solbrentheit, stikk og hudplager med aloe; eg reknar med at skaden er blitt bortimot usynleg og umerkjeleg når morgonen kjem.



~~~~~~
~~~~~~
~~~~~~


-----> ------> ... Dagen derpå, etter ei god natts søvn med aloe-omslag: ingen smerter, kun nokre små raude flekkar igjen på eit område som kvelden før var hissig raudt og 'brann-sårt' på delar av overarm, alboge og underarm. Vi smører på grøn Agrosan for å holde huda fukta/mjuk, og vandrar med lystig mot avgårde på skuleveg.







Slik dyrkar du aloe vera sjølv:

- Plassèr veldrenerande masse/evt grus (ikkje sand - den inneheld salt som vil skade aloe-planten) i botnen av potta, for å sikre god drenering så planten ikkje rotnar.

- Fyll potta med plantejord/evt jord blanda med mose.

- plassèr aloe-stiklingen/-planten i potta og dekk rotenden med jord opp til begynnelsen av blada.

- aloe vera er ein sukkulent som ikkje må overvatnast - då vil den råtne. Aloen er som andre ørkenplantar; den lagrar vatn i blada og det er betre å gløyme av den innimellom og berre tidvis skvette litt vatn i potta (littegrann kvar 14nde dag held lenge).

- aloe er svært enkel å få til å trivast, og den elskar sol og varme. Så plassèr den i eller nær vindauge, og aldri utsett den for frost. 

- planten vil begynne å få små aloe-babyar etterkvart. Desse kan du plukke av og plante i nye krukker og sjå atter nye vidunder-medisinplantar vekse fram.





Aloe vera-babyar <3


~~~~~~





Kjelder:

https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/17499928
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/19562446
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/10808702

onsdag 14. desember 2016

Vafler

Vafler


I mine første år som kokkeglad på kjøkenet var vafler sånt som eg laga på gefühlen, uten oppskrift. SÅ kom dagen då ein av mine dyrebare kom heim frå skulekjøken og ville lage vafler til mamma <3 
Sidan den gongen har hans oppskrift vore utgongspunktet i vaffelrøra "mi" (=hans), med små variasjonar vedr alternativ/tillegg til mjølk, ifht smårestar som kjøleskåpet rommar av seterrømme, fløyte, kefir og sånt.

~~~~~~

Vafler

4 egg 
8 ss (rårør-)sukker
12 dl heilmjølk (evt fløyte + vatn, kefir/surmjølk)
600 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1/2 ts kardemomme
1/2 ts (himalaya-)salt
6 ss smelta meierismør - ha i til slutt



Vi rører alt ihop, og let røra kvile i 1/2 time ++, før vi penslar vaffeljernet med meierismør og steiker verdens beste vafler <3




...før vi serverar med vanlig vaffeltilbehør som meierismør&brunost, rømme&syltetøy etc.

~~~~~~~~

Finaste bildet på kjøkenet vårt; 
skulekjøkenoppskrift på vafler, notert ned for 
mange år sidan med inderlig kjær barnehand <3


Kardemomme utelèt eg tidvis, og skulekjøkenet sitt margarin er bytta 
ut med meierismør. Elles er dette alltid utgongspunktet for røre til verdens beste vafler <3


~~~~~~



søndag 11. desember 2016

Universalvaskemiddel - slik lagar du det sjøl

Reint og effektivt reingjeringsmiddel

Heimelaga og effektivt vaskemiddel.
Du MÅ ikkje sile av sitronskrellet; denne flaska er over eit år gammal.

Vaskemiddel frå butikken inneheld mengder av skadelege kjemikalier. Problema desse medfører er ikkje berre dei du direkte påfører deg sjølv og dine ved å putte dei i vaskebøtta eller ved å puste inn svært helseskadelege aerosoler frå sprayflasker  : enorme mengder kjemisk vaskevatn blir skylt ned i slukar og toalett og ut gjennom avløpsleidningane, og endar opp i naturen der dei forårsakar alvorlege skader og forureinar vatn, hav og jord. I tillegg til å skade plante- og dyrelivet, hentar vi maten vår frå naturen. Skadelege kjemikaliar som vi skyller ut i avløpsleidningane kan dermed til sjuande og sist ende opp på vårt eige middagsbord.

~~~~~


Huset luktar herlig reint etter vask med heimelaga sitron-/eddikvaskemiddel - du trur det ikkje før du har prøvd! :-)



1) Skrell sitroner og putt sitronskrellet i Norgesglas, glasflaske eller annan beholdar du har for hand. 

2) Fyll opp med kvit eddik og skru/lås igjen beholdaren.

3) Sett til "modning" i 2-3 veker. 

4) Klart til bruk!

- For "allround husvask" tømer eg ein skvett av blandinga i vaskebøtta, og fyller opp med vatn. Tidvis løyser eg opp 1 ss fast grønsåpe i vatnet i tillegg. 

 - Til vindu, speglar, flisar: Sil eddikvatn over i sprayflaske, fortynn etter ønskje (eg blandar ca 50/50), og du er bevæpna med effektivt og reint reingjeringsmiddel.



~~~~~~
<3
~~~~~~


fredag 9. desember 2016

Julekaker: Konfektkaker



Konfektkaker




Økologiske ingrediensar:


200 g smør 
300 g sukker 
2 egg 
300 g kveitemjøl
1 ts bakepulver 
1/2 ts hjortesalt
1 ts vaniljesukker (kan sløyfast)
50 gr skålda (eller ikkje) hakka mandlar 
1 plate hakka kokesjokolade 

~~~~~~



Pisk smør&sukker kvitt.
Tilsett resten av ingrediensane.




Sett på bakeplate med to teskeier, og steik ved 200 grader C i 8-10 min (til gyldne).


Kakene flyter litt utover ved steiking, så ikkje sett dei for tett på plata.

~~~ <3 ~~~

tirsdag 6. desember 2016

Julekaker: Kokostoppar/kokosmakroner, 2 oppskrifter

Kokostoppar



Idag laga lillegutt og mamsen havregrynkonfekt og kokostoppar. Innertier for dei små begge deler, både å bake&smake :-)

2 forskjellige oppskrifter på kokostoppar; ei deig som skal kokast, og ei som berre skal rørast ihop før eit set på plate.


Kokostoppar, oppskrift #1:


Dette er kokostopp-favoritten; mjuke inni, tørre utanpå. Nydelig!

6 eggekvitar
300 g kokos
300 g rårørsukker
1 1/2 ts vaniljesukker (evt. vaniljepulver eller frø frå 1 vaniljestong) 


Pisk eggekvitane lett ihop i ei stålgryte. Ha i resten av ingrediensane og varm opp på middels varme inntil graut-konsistens. 

Sett på plate med 2 teskeier, steik ved 180 grader C inntil gyldne, ca 10 min.






Kokostoppar, oppskrift #2


(utan koking)

3 egg 
250 g rårørsukker 
275 gr kokosmasse (evt erstatte liten del med kokosflak)
1 ss kveitemjøl


Pisk eggedosis, og bland i resten. La deiga kvile i 15 min. Sett på plate med 2 teskeier, steik inntil gyldne (ca 10 min) ved 180 grader C.




~~~~~~